Stjernelag til kammermusikkfestivalen

Tekst: Per Arne Brandal , Photo: Sunnmøre kammermusikkfestival satsar på ungdommen. Her frå Draumekonserten i fjor.

- Oppdatert

Høgskulen i Volda samarbeider med Sunnmøre kammermusikkfestival for å gje HVO-studentar, elevar i kulturskulane og publikum på Sunnmøre musikalske opplevingar og opplæring på internasjonalt nivå. Årets program har stor variasjon og ei imponerande artistliste.

– Vi håpar festivalen kan gje ei vitamininnsprøyting til kulturlivet, inspirere studentar og kulturskuleelevar og glede publikum med klassisk musikk på høgt nivå, seier Annar Follesø, som saman med Wolfgang Plagge er festivalen si musikalske leiing.

Artistane

– Eg er svært nøgd med årets artistar. Programmet er også svært bra og eg gler meg veldig til årets festival, seier styreleiar Gunnar Stave.

Blant nye namn til årets festival finn vi stjernemusikarar som Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (cello), Ingrid Andsnes (klaver), James Gilchrist (tenor) og Raquel Castro Pego (fiolin). Publikum vil også få gleda av å møte att musikarar som har vore på festivalen tidlegare: Jonathan Aasgaard (cello) og Yuval Gotlibovich (bratsj), Håkon Daniel Nystedt (dirigent).

Variert program

Temaet for festivalen i år er evolusjon, eit tema som gir inspirasjon til eit variert konsertrepertoar. Publikum kan gle seg til å høyre verk som Dohnányi sin Klaverkvartett i fiss-moll, Schubert sin Strykekvintett og «Auf den Strom», sangsyklusar av Schumann og Mahler, Tavener sin «Syvat» og utdrag frå Rakhmaninov sin Vespers, op. 3.

Satsar på ungdomen

Å ha festivalmusikarar på elitenivå er likevel ikkje alt for denne festivalen. Opplæringsaspektet er eit sentralt kjennemerke for Sunnmøre kammermusikkfestival. Difor vert det meisterklassar der kulturskuleelevar frå regionen kan få undervisning med festivalmusikarane. Det vert også komposisjonskurs med Wolfgang Plagge og høgskulen sin eigen stjernekomponist Magnar Åm, ein «draumekonsert» med mange unge symfonikarar frå distriktet og utdeling av talentstipend.

– At festivalen kan vere med på å løfte fram nye talent er noko av det beste med festivalen. Det er ungdomen som er framtida og framtidige musikarar og komponistar, seier styreleiar Gunnar Stave.

Gunnar Stave, Wolfgang Plagge og Annar Follesø.

Gunnar Stave, Wolfgang Plagge og Annar Follesø.

Del på