Ny internasjonal publisering ved Avdeling for mediefag

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Førsteamanuensis Idar Flo og professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag har skrive kvar sitt bidrag i ein ny internasjonal publikasjon om europeiske filmaviser publisert av det anerkjente forlaget Palgrave i Global Cinema Series.

– Redaktørane og dei andre forfattarane er blant dei fremste i den internasjonale Newsreels-forskinga – filmavisforskinga. Publiseringa syner at forskarar ved Høgskulen i Volda kan bidra til internasjonal forsking på høgt nivå, seier professor Rolf Werenskjold.

 

Professor Rolf Werenskjold og førsteamanuensis Idar Flo ved Avdeling for mediefag.

Filmavisa

I kapittelet «Around the World: The First Norwegian Newsreel, 1930-1941» skriv professor Werenskjold om etableringa og utviklinga av den norske filmavisa Verden Rundt som eit nytt audiovisuelt nyheitsmedium i 1930-åra. Kapittelet er organisert i tre hovuddelar som omhandlar etableringa av filmavisa i Oslo, innhaldet i programma og publikum. 

Filmavisa, som kom ut ein gong per veke i mellomkrigstida 1930-1941, var eit integrert nyheitsprogram med redigerte norske aktualitetar, nyheitsinnslag frå Norden og innslag med tekstplakatar på norsk frå dei store internasjonale nyheitsfilmselskapa som Paramount News, Fox Movietone News og det tyske nyheitsbyrået Universum Film AG (UFA). Ein eigen redaksjon vurderte, valde ut og redigerte filmmaterialet, initierte nyheitsfilmproduksjon og formidla samansette nyheitsinnslag frå dei internasjonale nyheitsfilmbyråa. Verden Rundt var den første filmavisa i Norden som blei vist i eit eige dedikert kinolokale.

– Denne studien flyttar tidspunktet for etableringa av den første norske filmavisa tilbake med meir enn eitt tiår, frå 1941 til 1930, seier professor Rolf Werenskjold.

Ingen av dei nesten femti årlege filmutgåvene som blei vist i perioden 1930-1941 er bevarte i sin heilskap, noko som gjer det er umogeleg å sjå programma slik dei først blei presenterte for publikum på kinoen Paladsteateret i Oslo.

– I denne studien freistar eg å rekonstruere kva denne nyheitskanalen tilbaud til det norske publikummet. Hovudspørsmålet er i kva grad filmavisa Verden Rundt kan sjåast på som ein uavhengig kanal for både innanlandske og utanlandske nyheiter i Noreg på 1930-talet. Bør den sjåast på som ein genuin filmavis i seg sjølv eller var den berre ei samling filmar med internasjonale nyheiter frå utlandet som ble vist saman med nokre norske aktualitetar?

Rettsoppgjeret etter krigen

Førsteamanuensis Idar Flo har skrive om rettsoppgjeret og gjenreisinga av Noreg i filmavisa Norsk Filmrevy 1945-1949 («The Legal Settlement and Reconstruction in the Norwegian Newsreel Norsk Filmrevy, 1945-1949»). Idar Flos kapittel har utgangspunkt i den forskinga som danna grunnlag for doktoravhandlinga hans på temaet.

Flo har undersøkt i kva grad Filmavisa (Norsk Filmrevy) bidrog til å legitimere det re-etablerte demokratiet i dei fyrste etterkrigsåra. Då freden kom i 1945 uttrykte styresmaktene eit sterkt ønskje om å gjenopprette tilliten til statsmakta etter fem års diktatur, og gav Filmavisa i oppdrag å skape entusiasme og spreie informasjon kring gjenreisingsarbeidet. Her fekk Filmavisa spele ei sentral rolle, kor ho gjennom kombinasjonen av lyd og bilde «omset» kompliserte samfunnsspørsmål til eit breitt publikum.

Ein hovudkonklusjon er at Filmavisa legitimerte det re-etablerte demokratiet sin gjenreisingspolitikk ved å sette det innanfor ei einsretta tolkingsramme kor både rettsoppgjeret og den fysiske gjenreisinga blei framstilt som både fornuftig og rettvis. Dette blei understøtta ved at minna etter krigen blei satt i ei tolkingsramme kor nordmenn hadde ei moralsk plikt til å gjenreise landet, og for alltid minnast dei som gav livet sitt for fedrelandet.

Del på