Ny forsking om vilkåra for nynorsk mellom barn og unge

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I eit nytt nummer av skriftserien «Skriftkultur» undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

Ein fagleg samtale om skriftkultur kjem ikkje unna spørsmålet om tradering – altså korleis og i kva grad skriftkulturar vert overført til nye generasjonar og utvikla av dei.
Likevel har forskinga på nynorsk inntil relativt nyleg halde seg unna dette livsviktige spørsmålet for ein skriftkultur og eit språk. For tjue år sidan handla forskinga på nynorsk i stor grad om nynorsknorm eller språkhistorie.

sKRIFTKULTUR 2Dette nummeret av skriftserien Skriftkultur er ein del av etableringa av tradering av nynorsk som eit forskingsfelt. Forskingsfeltet inkluderer spørsmål knytt til eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonen, men også spørsmål om korleis barn og unge sjølve stiller seg til nynorsk og kva plass språket har i livet deira. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, dvs. kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken.

Redaktørar er førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis Stig J. Helset og professor Endre Brunstad.

Følgjande fagtilsette (i utheva skrift) frå Høgskulen i Volda har bidratt:

  • Førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl: Nynorsk i ein femåringskvardag - om grunnlag for skriftspråktileigning i ein mindretalsspråksituasjon
  • Høgskulelektor Anna Marta V. Vadstein, Eli Bjørhusdal: Nynorske literacyhendingar i barnehagen
  • Førsteamanuensis Stig J. Helset, professor II Endre Brunstad: Språkveksling på grunnlag av tekstnormer og mottakarforventingar mellom ungdomar i det nynorske kjerneområdet
  • Hege Myklebust, førstelektor Hilde Osdal: Å lære eit mindretalsspråk som andrespråk - erfaringar frå fleirspråklege ungdomsskuleelevar i to nynorskkommunar
  • Professor II Endre Brunstad: Det saumlause språkskiftet - om overgangar frå nynorsk til bokmål i Fjell
  • Førsteamanuensis Kristin K. Sjøhelle: Grammatikk og skriveopplæring - ei problematisk kopling eller ein grunn til nytenking i arbeid med nynorsk som sidemål
  • Høgskulelektor Marit Brekke: Portretteringa av bygda og bygdejenter i filmen Få meg på for faen (2011). Ein fiksjonslingvistisk analyse

Om skriftserien Skriftkultur

Skriftkultur er ein vitskapleg skriftserie publisert på NOASP/Cappelen Damm Akademisk. Fyrste utgåve kom i juni 2019.

I løpet av dei siste tiåra har skriftkulturforsking etablert seg som eit forskingsfelt, ofte under den engelske nemninga «literacy studies». Skriftserien Skriftkultur har som mål å markere og vidareutvikle dette feltet. Skriftkultur er tverrfagleg og legg vekt på kulturorientert skriftkultur/literacy, med eit særleg auge for det komparative perspektivet, men redaksjonen tek i mot alle typar manuskript som handlar om det skriftkulturelle feltet.

Skriftserien er kopla til forskargruppe for nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Forskargruppe for nynorsk skriftkultur er tverrfagleg, femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, og er open og inkluderande for alle som er interesserte i forsking på skriftkulturforsking, samstundes som gruppa har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen.

Skriftkultur blir gjeve ut ein gong i året. Publiseringsspråket for skriftserien er nynorsk. I særskilde høve kan redaksjonen akseptere manuskript skrivne på engelsk.

 

Lenker:

Mastergrad i skriftkulturar

Nynorsksenteret

 

Del på