Forskargruppe for nynorsk skriftkultur

Bakgrunn og føremål

I løpet av dei siste tiåra har skriftkulturforsking etablert seg som eit forskingsfelt, ofte under den engelske nemninga literacy studies. Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturstudiar med utgangspunkt i den nynorske skriftkulturen. Forskargruppe for nynorsk skriftkultur tek utgangspunkt i denne forskingstradisjonen, og skal vere open og inkluderande for alle vitskapleg tilsette innanfor UH-sektoren som er interesserte i forsking på det nynorske feltet, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak. Det er ønskjeleg at forskargruppa har disiplinmessig breidde og femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samstundes som det er ønskjeleg at nynorsk skriftkultur står i sentrum – både direkte og indirekte, til dømes gjennom ulike former for komparasjon. Forskargruppa skal ha ein inviterande profil, vere open for kontakt med nærskylde tiltak og ha eit særleg auge for tverrfaglege tilnærmingsmåtar.

Fagleg forum

Ein-to gonger per semester skipar Forskargruppe for nynorsk skriftkultur til Fagleg forum, der vitskapleg tilsette, ph.d.-kandidatar, masterstudentar og andre som forskar på emne innanfor skriftkultur, får høve til å legge fram idear eller meir eller mindre ferdige utkast til artiklar, konferanseinnlegg eller forskingsprosjekt. Alle medlemer av forskargruppa vil få innbyding til å sende inn denne typen idear eller utkast til forskargruppeleiarane, som då vil setje det opp som tema for komande møte i Fagleg forum. Dersom det er tale om meir ferdige manuskript til artiklar eller konferanseinnlegg, kan forskargruppeleiarane vidaresende manuskriptet til dei andre medlemene i forkant av neste Fagleg forum, og samstundes finne ein eigna hovudkritikar. Ved mindre ferdigutvikla idear eller uferdige utkast til artiklar eller konferanseinnlegg, kan drøftingar og tilbakemeldingar kome direkte under forumet. Det er eit viktig poeng at terskelen for å leggje fram idear eller utkast skal vere låg.

Skriftserien Skriftkultur

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har etablert ein eigen vitskapleg skriftserie (nivå 1) kalla Skriftkultur, som blir publisert med fri tilgang på Cappelen Damm Akademisk si digitale plattform Nordic Open Access Scholarly Publishing. I løpet av dei siste tiåra har skriftkulturforsking etablert seg som eit forskingsfelt, ofte under den engelske nemninga «literacy studies». Skriftserien Skriftkultur har som mål å markere og vidareutvikle dette feltet. Skriftkultur er tverrfagleg og legg vekt på kulturorientert skriftkultur/literacy, med eit særleg auge for det komparative perspektivet, men redaksjonen tek i mot alle typar manuskript som handlar om det skriftkulturelle feltet.

Artikkelmanuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaksjonen. Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil. Skriftkultur blir gjeve ut ein gong i året. Publiseringsspråket for skriftserien er nynorsk. I særskilde høve kan redaksjonen akseptere manuskript skrivne på engelsk.Vi føreset at innsende manuskript er utforma i samsvar med forfattarinstruksen for skriftserien. Skriftserien praktiserer «dobbel blind» fagfellevurdering, der verken fagfellane eller forfattaren kjenner identiteten til kvarandre. I tillegg blir artiklane vurderte av redaksjonen, og endeleg avgjerd om publisering blir gjort av ansvarleg redaktør.

Redaktørar
Stig J. Helset, førsteamanuensis, Høgskulen i Volda
Endre Brunstad, professor, Universitetet i Bergen

Redaksjonsråd
Unn Røyneland, professor, MultilLing/UiO
Steinar Gimnes, professor emeritus, NTNU
Randi Solheim, professor, Skrivesenteret/NTNU
Eli Bjørhusdal, førsteamanuensis, HVL

Det første nummeret av skriftserien kan du lese ved å klikke på denne lenka:  Skriftkultur 1/2019 Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Det andre nummeret av skriftserien har arbeidstittelen Vilkår for nynorsk mellom unge og vil bli publisert hausten 2020.

Leiing, arbeidsutval og råd

Forskargruppeleiar er førsteamanuensis Stig Jarle Helset, Høgskulen i Volda, medan fagleg leiar er Professor Endre Brunstad (UiB og professor II ved Høgskulen i Volda).

Arbeidsutvalet er knytt til Høgskulen i Volda og fagmiljøet i regionen, og består av Stig Helset (Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur ved HVO), Endre Brunstad (UiB og professor II ved HVO), Per Halse (Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved HVO), Audhild Rotevatn (dekan ved Avdeling for mediefag ved HVO), Torgeir Dimmen (leiar for Nynorsksenteret) og Anders Aanes (Nynorsk Kultursentrum). Utvalet skal legge fram forslag til strategiar, skiping av Fagleg forum, seminar og konferansar, emne for aktuelle forskingsområde og tema for komande nummer av skriftserien Skriftkultur.

Rådet er samansett av representantar frå institusjonane innanfor UH-nett Vest, slik: Eli Bjørhusdal (HVL, avdeling Sogndal), Hege Myklebust (HVL, avdeling Stord), Ingvil Brügger Budal (NLA) og Magne Rogne (UiS). Hovudfunksjonen til rådet er å ta stilling til forslag som kjem frå arbeidsutvalet, samstundes som rådet sjølv kan kome med forslag til tiltak. Representantar i rådet vil få ansvar for å vere bindeledd mellom forskargruppa og sine respektive institusjonar. 

Medlemer

Stig Helset, Endre Brunstad, Per Halse, Audhild Rotevatn, Torgeir Dimmen, Anders Aanes, Magne Rogne, Hege Myklebust, Ingvil Brügger Budal, Eli Bjørhusdal, Per Magnus Sandsmark, Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Gudrun Kløve Juuhl, Marit Brekke, Wenke Mork Rogne, Hilde Osdal, Birgitte Fondevik, Svenn Arve Myklebost, Geir Hjorthol, Anemari Neple, Beatrice Reed, Arne Apelseth, Tor Arne Haugen, Hjalmar Eiksund, Lidun Hareide, Øystein Sande, Marit Wadsten, Anne Marta Vadstein, Guro Kristin Gjøsdal, Britt Iren Nordeide, Kirsti Lunde, Oddmund Løkensgard Hoel, Janne Sønnesyn, Ragnhild Anderson, Margun Rauset, Jens Haugan, Hege Lende Sørbråten, Sissel Paulsrud, Anna Kirsten Hellevang, Sylvia Nilssen og Fredrik Hope  

Symposium om skriftkultur 6.–7. juni 2018

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid. Siktemålet med symposiet er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur i ein brei literacy-samanheng: 

• Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda? 

Symposiet vil bli lagt til Høgskulen i Volda rett i forkant av Dei nynorske festspela 2018, nærmare bestemt 6.–7. juni 2018. Det vil med andre ord vere mogleg å kombinere fagleg meiningsutveksling med kulturelle opplevingar og dessutan ein fjelltur i dei vakre Sunnmørsalpane. 

Alle som er interesserte i skriftkulturfeltet, er hjarteleg velkomne til å ta del på heile eller delar av symposiet!


Stad: Høgskulen i Volda (rom 157, Berte Kanutte-huset) 


Praktisk: Det er fint om du melder frå om du kjem! Vi ber særleg om at dei som vil ta del i felleslunsjen onsdag 6. juni, gjev bindande påmelding til stig.helset@hivolda.no innan 30. mai 2018. Meld då også frå dersom du har matallergiar. 


Program:

Onsdag 6. juni

10.00-11.00: Registrering og servering av kaffi og sveler. 

11.00-11.10: Velkomen ved HVO-rektor Johann Roppen. 

11.10-11.30: Om bakgrunnen for og siktemålet med symposiet ved professor Endre Brunstad og førsteamanuensis Stig Jarle Helset

11.30-12.00: «Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet» ved professor Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo. 

12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pernille Fiskerstrand

12.30-13.00: «Skriftkulturforsking som ideologikritikk» ved professor Stephen J. Walton, Universitetet i Søraust-Noreg. 

13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Jonas Gamborg Lillebø.

13.15-14.15: Felleslunsj i kantina på Berte Kanutte-huset. 

14.15-14.45: «Kva er skriftkultur og kva utfordringar står ein overfor når ein skal avgrense omgrepet ‘skriftkultur’?» ved professor Arne Apelseth, Høgskulen i Volda. 

14.45-15.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Gudrun Kløve Juuhl.

15.15-15.45: «Skriftkultur og danning. Kva har den nynorske skjønnlitteraturen hatt å seie for danning og identitetsdanning?» ved professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda. 

15.45-16.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pål Hamre.

16.30-18.30: Fjelltur til Helgehornet ved bra vêr. 

Omvising i Ivar Aasen-tunet ved dårleg vêr. 

20.00: Middag for innleiarar og arrangørar på Hotell Ivar Aasen. 

Torsdag 7. juni 

09.00-09.30: «Den nynorske romanen. Om ein skriftkulturell praksis» ved professor Geir Hjorthol, Høgskulen i Volda. 

09.30-09.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Marit Brekke.

10.00-10.30: «Opplæring i nynorsk som skriftspråk, utan dialektane» ved professor Per Henning Uppstad, Universitetet i Stavanger/Høgskulen i Volda. 

10.30-10.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Anne Steinsvik Nordal.

11.00-11.30: Servering av kaffi og sveler. 

11.30-12.00: «Minoritetsspråklege skriftkulturar. Normering, standardisering og bruk av minoritetsspråk» ved professor Unn Røyneland og medforfattar og postdoktor Haley de Korne, Universitetet i Oslo. 

12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Hilde Osdal.

12.30-13.00: «Å dokumentere og forvalte ein språkkultur. Prinsipielle og aktuelle perspektiv for nynorsken» ved Åse Wetås, direktør for Språkrådet. 

13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Tor Arne Haugen.

13.30-14.15: Status og framtid for skriftkulturforskinga. Panelordskifte med spørsmål til innleiarane. Ordstyrarar: Endre Brunstad og Stig Jarle Helset

14.30-15.30: Lunsj for innleiarar og arrangørar i Ivar Aasen-tunet. 

Frå torsdag ettermiddag til søndag kveld blir det høve til å ta del i ulike delar av det rikhaldige programmet ved Dei nynorske festspela 2018 i Ivar Aasen-tunet.