Ny bok: Mikrohistorie

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Mikrohistorie er ei tilnærming til måten ein fortel historie på, som ser på dei små einingane, ei hending, eit samfunn eller eit individ. Artiklane tar for seg fleire måtar mikrohistorie har vore definert og brukt på. Boka passar for studentar, historikarar og lesarar av lokal- og bygdehistorie.

Ola Teige
Førsteamanuensis Ola Teige.

– Det er ei stor glede for meg, både som medredaktør og leiar for Historisk institutt, at denne antologien no er i handelen, seier førsteamanuensis Ola Teige.

Teige opplyser at antologien gjeven ut på Museumsforlaget. Dei andre redaktørane, i tillegg til Ola Teige, er førsteamanuensis Chalak Kaveh, høgskulelektor Harald Krøvel og dosent Arnfinn Kjelland, alle tilsett ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO).

– Eg synes det er ekstra hyggeleg at to av bidraga er skrivne av Elin Gundersen og Gudmund Valderhaug, to tidlegare studentar på masteremnet vårt i mikrohistorie. Slik sett spring denne antologien både ut frå undervisning ved HVO og frå forskargruppa i mikrohistorie. Begge deler er positivt, ikkje minst ut frå den innsatsen vi ved HVO gjer for å auke omfanget og kvaliteten på vårt forskings- og utviklingsarbeid, seier Teige.

Bidrag frå HVO-tilsette:

  • Arnfinn Kjelland: Kva er mikrohistorie?
  • Harald J. Krøvel: Allmenn bygdehistorie og mikrohistorie
  • Elin Gundersen: Ola Sveahaugje – morderen fra Vågå

Tidlegare HVO-stipendiat og noverande timelærar Mette Vårdal: Bjerregaards Skaal! En mikrohistorisk studie av syngespillet Fjeldeventyret fra 1824.

Tidlegare student Gudmund Valderhaug: Elias Larsen Kant.

Det er også bidrag frå forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger, Nord Universitet, Høgskulen i Innlandet og Kvinesdal kommune.

Meir om boka Mikrohistorie

I mikrohistorie vert objekta som blir granska, blir sett inn i ein større samanheng: Ein prøver å seie noko om overordna problemstillingar ved å gå tett inn på eitt slikt objekt frå så mange vinklar som kjeldematerialet gir høve til. Mikrohistoria blir gjerne sett på som ein del av det som har vore kalla den nye kulturhistoria. Den inviterer gjerne lesarane inn i forskingsprosessen og legg vekt på vanskane med å finne sikre svar, samstundes som ein er bevisst på dei store hola i kva vi veit om fortida, og oppfordrar til å finne spor ved nærlesing av primærkjelder.

I denne boka prøver historikarar frå mange forskjellige fagmiljø tilnærminga med ulike teoretiske problemstillingar og ulike periodar og tema. Bidraga tar for seg fleire måtar mikrohistorie har vore definert og brukt på: allment og i forbindelse med allmenn bygdehistorie. Dei viser òg fleire metodiske tilnærmingar, mellom anna korleis arkivseriar kan brukast i mikrohistoriske analysar. Bidraga går frå mellomalder til moderne historie og dekkjer tematisk både politisk, sosial og økonomisk historie.

Boka passar for studentar, historikarar, tilsette i museum og skribentar og lesarar av lokal- og bygdehistorie.

Del på