Internasjonalt forskingsverv for Werenskjold

Text: Per Straume

- Oppdatert

Forskingsrådet har peika ut førsteamanuensis Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag som ein av to norske medlemmer av styringskomiteen for eit forskingsprogram støtta av EU.

Werenskjold skal sitje i styringskomiteen for Cost Action-programmet "New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent" CA16213 (2017-2021). Cost Action-programma er viktige faglege nettverk innanfor EU-forskinga og programmet Werenskjold har blitt med i tel fleire enn 30 land. Werenskjolds har blant anna vore prosjektleiar for prosjekt som Media and Protest/Media and the Cold War som blant anna har fått FoU-prisen ved HVO.

KONFERANSAR OG SEMINAR TIL NÆROMRÅDET

– Dette er eg svært godt nøgd med. Eg ser på det som eit svar på at vi har gjort noko rett med forsking ved Avdeling for mediefag. Det viser også at det er viktig å legge godt til rette for å drive forsking ved Høgskulen i Volda, seier Werenskjold.

Som medlem av styringskomiteen vil Werenskjold vere med på å gi forskingsprogrammet retning og legge premissar for korleis det skal utvikle seg.

– Det er opp til kvart enkelt medlem av komiteen korleis ein vil gripe moglegheita. Eg vil til dømes arbeide for å få konferansar og seminar til Noreg og i neste omgang til nærområdet vårt. Mykje av arbeidet i dette programmet vil handle om å bygge nettverk, fortel førsteamanuensisen.

NYE PUBLISERINGSKANALAR

Han ser fram til å vere ein del av eit EU-program, og kallar det «ei fin fjør i hatten» for han sjølv, avdelinga og høgskulen.

– Det aller viktigaste blir å få eit innblikk i prosessane når EU gjennomfører eit forskingsprosjekt. Så får vi sjå kva dette kan bety for publisering, eg får i alle fall tilgang til publiseringskanalar eg elles ikkje ville hatt.

Programmet har fem ulike arbeidsgrupper som alle vil arbeide med austeuropeiske dissensar, disenskulturen og den opposisjonelle kulturen i Aust-Europa frå 1945-1989. Werenskjold sitt perspektiv inn det tverrfaglege programmet vil vere media si rolle.

Les meir om programmet her

MEIR INTERNASJONALT SAMARBEID

Marie Nedregotten Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, har tidlegare hatt det same vervet som Werenskjold no får, i eit anna program.

Dette var vegen inn i europeiske forskingsnettverk for ho, og det var på den måten Nedregotten Sørbø kom inn i HERA-prosjektet som vart det første EU-finansierte forskingsprosjektet ved Høgskulen i Volda.

Ifølge Cost-koordinator i Forskingsrådet, Trude Dypvik, svarer tre av fire forskarar at deltakinga i eit Cost-program har ført til meir internasjonalt for dei sjølve. Les meir om det her.
 

Del på