– Bli med!

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

COST (European Cooperation in Science and Technology) har som føremål å støtte forskingsnettverk og fremje forskingsframdrift og innovasjon. – Å ta del i eit COST-nettverk er eit ypparleg måte å kome i kontakt med internasjonal forsking på, seier professorane Marie Nedregotten Sørbø og Rolf Werenskjold.

Sørbø og Werenskjold fortel at ordninga gjeld for alle fagområde og er opne for fagtilsette på alle karrieretrinn. Den økonomiske støtta frå COST skal dekke samarbeidsaktivitetar som til dømes workshops, konferansar, arbeidsgruppemøter, formidlings- og kommunikasjonsaktivitetar.

Høg prestisje og låg terskel

– COST er ein av dei eldste forskingsprogramma i Europa. Programmet har høg prestisje, men har låg terskel for å kunne ta del. Ein treng ikkje «papers» for å bli med. Poenget er å bygge nettverk og at det ut av desse nettverka skal gro nye forskingsprosjekt, seier Werenskjold.

Kvart nettverk, ein «COST-action», har ei lengd på fire år.  Føremålet å kople saman og hjelpe forskarar og innovatørar med å utvikle idéane sine i lag med andre. COST er «bottom-up», noko som betyr at forskarar kan søke om å få opprette opprette eit nettverk basert på eigne forskingsinteresser og idéar.  Dei fleste blir likevel med i eit pågåande nettverk.

Det er til ei kvar tid i underkant av 300 aktive nettverk med deltakarar frå i gjennomsnitt 27 land. 45 nye nettverk er no under etablering.

 

Professorane Marie Nedregotten Sørbø og Rolf Werenskjold meiner det er viktig for ein liten høgskule i Noreg å vere i kontakt med forskinga i Europa.

Women Writers in History

I 2009 vart Marie Nedregotten Sørbø ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning med i ein COST-action.

Travlleing Texts

– I nettverket mitt trefte eg fagfolk frå 25 land. Vi blei godt kjende med kvarande og i løpet av perioden fann vi ut kven vi ville samarbeide med og forske saman med vidare, seier Sørbø.  

Resultatet av Sørbø sin COST-action vart mellom anna eit EU-støtta forskingsprosjekt i regi av Humanities in the European Research Area (HERA).  Prosjektet hadde tittelen Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe.

Saman med forskarar frå Storbritannia, Nederland, Finland og Slovenia forska professor Sørbø på korleis kvinner si skriving i dei store kulturane som  England, Tyskland og Frankrike vart teke imot i de små landa i Europa.

I tillegg har denne aksjonen (Women Writers in History) ført til 4 andre EU-prosjekt og fleire nasjonale prosjekt i ulike land. Det som startar med eit nettverk kan ende med prosjekt.

Aust-europeisk film og animasjon

Medieforskar Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag er med i ein COST-action med tittelen «New Exploratory Phase in Research on Eastern European Cultures of Dissent». Dette nettverket starta opp i 2017 og blir avslutta neste år.

I 2019 kom forskarar frå heile Europa til Volda for å ta del på nettverksseminaret «Dissenting forms of animation and film in Socialist Europe 1945–1989». Seminaret hadde som mål å reflektere over ulike former for dissens i film og animasjon under det sosialistiske Europa i perioden mellom 1945 og 1989. I tillegg til Werenskjold har også førsteamanuensis Burcu Sabuncuoglu, førsteamanuensis Thomas Lewe og stipendiat Endre Eidså Larsen frå Avdeling frå mediefag tatt del.

– Sjølv om ein COST-action primært skal finansiere reiser og opphald, har vi likevel begynt å publisere resultat av forsking. Både eg og Burcu er ein del av redaksjonen som skal gje ut ein antologi av tekstar om opposisjon og opposisjonelle i Aust-Europa under og etter den kalde krigen. Boka har arbeidstittelen: Creative Dissent: Alternative Cultrures during Socialism and Beyond, 1945-1991. Boka vil bli gjeven ut på eit større internasjonalt forlag på nivå 2 i løpet av neste år.  Eg sit også i redaksjonen for et spesialnummer av  det anerkjende internasjonale tidsskriftet Historical Journal of Film, Radio and Television, som er viet opposisjonelle og opposisjon i Aust-Europeisk film under den kalde krigen, seier Werenskjold.

– Må gripe sjansen

No når norske forskarar og verksemder via Forskingsrådet kan søke om å bli med i 45 nye COST-nettverk, oppmodar Sørbø og Werenskjold HVO-tilsette å gripe sjansen.  Dei peikar på at det er viktig for ein liten høgskule i Noreg å vere i kontakt med forskinga i Europa. I nettverka kan ein få til mykje meir enn det ein greier åleine på eiga hand.  

– Det er fundamentalt viktig for Høgskulen i Volda å vere synleg i Europa og i kontakt med europeisk forsking. Vi må vise at vi har noko å bidra med. Skal høgskulen overleve må vi vere i stand til å forske på høgt nivå, seier professor Rolf Werenskjold.

Professor Nedregotten Sørbø peikar på at talet på mastergrader aukar ved høgskulen.

– Dette betyr at vi må bygge oss opp som forskarar. Det er også viktig å trekke studentane meir inn i forskingsaktiviteten, seier ho.

Interesserte må gjerne kontakte professor Rolf Werenskjold og professor Marie Nedregotten Sørbø for meir informasjon.

Del på