Blei lesen av forskar – enda opp i Belgia
Då ein stipendiat ved Universitetet i Gent kom over ein artikkel av Oddvar Aalde, balla det på seg og sende HVO-stipendiaten på eit minnerikt forskaropphald på kontinentet.

Oddvar Aalde held gjesteforelesing på engelsk om Noreg for lydhøyre studentar i Belgia. Foto: privat.
– Det var fantastisk å få toppe doktorgradstida si med eit utanlandsopphald, fortel stipendiat Oddvar Aalde ved Høgskulen i Volda (HVO).
Til dagleg sit han krumbøygd over avhandlinga han no er i innspurten med, «Studieledelse for helhetlige og sammenhengende lærerutdanningsprogram», på eit cellekontor ved HVO. Men i to månader denne våren fekk han ei skikkeleg vitamininnsprøyting.
– Eg var så heldig å få stipend frå HVO til å reise ut og vere gjesteforskar ved Universitetet i Gent, og det passa godt å gjere plass til dette mot slutten av ph.d.-prosjektet, då det er færre forpliktingar og mest skriving.
Forskaren beskriv det som ein draum å få prøve å bu i Belgia.
– Gent var som eit eventyr, ein vakker kulturby med arkitektur frå mellomalderen og stemningsfulle kanalar. Eg reiste også på togturar til både Köln og Paris – det kjendest som å vere i hjartet av Europa, seier Aalde, som nytta tida godt og kom heim med full minnebank.
Men at det blei nettopp Gent, byrja ganske tilfeldig.

Fann felles fagfokus frå Flandern
– For eit år sidan blei eg kontakta av Pieter Flamand, ein stipendiat i Gent. Han hadde kome over ein av artiklane mine og fortalde at han skreiv doktorgrad om dei same temaa som eg, men i ein belgisk kontekst, fortel Aalde.
Korleis kjendest det å bli «oppdaga» av ein forskar i utlandet?
– Wow, det var veldig stas å høyre at det faktisk er nokon som les det eg har skrive, og synest det er relevant og bra, så eg blei jo litt stolt av det, ler Aalde.
Det viste seg altså at begge stipendiatane forska på studieleiing innanfor lærarutdanning, og gjennom denne nye faglege kjennskapen på kontinentet kom ideen om å søkje utanlandsopphald som del av doktorgradsarbeidet Aalde gjer ved HVO.
– Eit av vilkåra for å reise ut er at ein har etablert kontakt med eit forskarmiljø, slik at utanlandsopphaldet kan bidra til vidare samarbeid og moglegheiter på tvers av land og institusjonar, forklarer Aalde.
- Les også: På forskingsopphald i Michigan


Sosialt og fagleg berikande
Då Aalde var på plass i den flamske universitetsbyen på storleik med Bergen, kom han inn i eit kontorfellesskap med andre stipendiatar ved instituttet for utdanningsvitskap, og han blei med i ei forskargruppe der alle jobba med tematikkar i slekt med hans eigen.
– Vi presenterte prosjekta våre for kvarandre, og vi jobba aktivt med tekstar i prosess og gav kvarandre tilbakemeldingar undervegs – det var skikkeleg lærerikt. Eg fekk lett innpass i miljøet, og dei var interesserte i og nysgjerrige på å lære og dele.
Fellesskapet han kom inn i, gav han både inspirasjon og nye idear til forskinga si.
– Eg fekk mange tankar om forbetring av artiklane mine, men det dukka også opp idear om å skrive saman seinare. Det hadde til dømes vore interessant å gjere ein samanliknande studie av dei belgiske og norske systema for lærarutdanning og studieleiing. Noko er likt, men Flandern er også spennande på grunn av den språklege og kulturelle delinga i regionen.
Aalde fekk også sjansen til å ta utfordringar på strak arm.
– Eg blei til dømes invitert til å halde ei gjesteforelesing for rundt 80 bachelorstudentar om norsk kultur, skule og lærarutdanning. Det kom masse spørsmål, og det var veldig kjekt! For nokre år sidan hadde eg aldri våga å ta dette på engelsk, men den språklege sjølvtilliten vaks gjennom opphaldet, og no har eg mykje verdifull trening i å kunne snakke fagspråket på engelsk, smiler Aalde, som knapt såg andre nordmenn i to månader.

Oppmodar om å løfte blikket
Å gripe sjansane som byr seg når ein er der ute, er noko Aalde er oppteken av – han har til dømes hatt mykje glede og nytte av å delta i ein forskarskule.
– Ein må passe på å jobbe med prosjektet sitt, men også seie ja til faglege og sosiale moglegheiter, for nettopp det er grunnen til å reise ut – det er ikkje vits i å sitje berre framfor PC-en sin i eit anna land. Gjennom opphaldet har eg også fått kontaktar som eg kan byggje vidare på, ikkje berre stipendiatkollegaer, men også professorar og rettleiarar som er verdifulle å ha i det faglege nettverket sitt. Slikt opnar for å samarbeide om forsking på tvers av landegrensene vidare.
Aalde vil oppmode fleire om å ta steget og prøve seg på eit forskaropphald i utlandet, sjølv om det krev litt praktisk førebuing å kombinere med familie eller andre forpliktingar.
– For meg var det praktisk og enkelt å reise heim når eg berre var to timar unna med fly, og det var viktig for meg å ha den moglegheita som familiemann. For dei fleste vil det vere mindre vanskeleg å organisere eit to månaders utanlandsopphald enn ein gjerne trur: Papirarbeidet er overkomeleg.
To hendingsrike månader som gjesteforskar i Belgia har gitt Aalde varige minne og vennskap, og allereie til hausten vil Pieter Flamand kome til Volda for å få innsikt i norsk lærarutdanning – stipendiaten som oppdaga artikkelen av Aalde i starten av historia vår.
– Kimen til opphaldet i Gent var kanskje litt tilfeldig, men det blei svært fruktbart, og eg er takknemleg for at HVO støtta meg og gjorde opphaldet gjennomførleg, seier Aalde.
Skal du tilbake til Gent, då?
– Garantert som turist – forhåpentlegvis også som forskar og gjesteførelesar ein dag, smiler Aalde.