HVO-forskar Trudi Henrydotter Eikrem reiste til hamnebyen Porto for å gjenoppleve finnekunsten. Les om utvekslinga hennar langs den lukrative handelsvegen for klippfisk på 1800-talet.
Då ein stipendiat ved Universitetet i Gent kom over ein artikkel av Oddvar Aalde, balla det på seg og sende HVO-stipendiaten på eit minnerikt forskaropphald på kontinentet.
– Dersom du går med ein draum om å reise på utanlandsopphald: Grip sjansen! Oppmodinga kjem frå ph.d.-stipendiat Veronica Kvalen Pilskog, som akkurat no er på eit spennande forskingsopphald i Midtvesten.
Høgskulen i Volda har fått ei rekordstor tildeling frå EU-programmet Erasmus+ i 2024: heile 4,5 millionar kroner til stipend for studentar og tilsette. Den store tildelinga kjem av ein kraftig auke i midlar til mobilitet utanfor Europa.