Forskingsgruppe for litteratur og litteraturdidaktikk

Føremål

Gruppa skal vere eit forum for litteraturvitskap og -didaktikk og tekstlesing i ulike fag. Ho samlar i dag fagfolk frå fire seksjonar/institutt, men er open for fleire tverrfaglege synergiar.

Vi arbeider med teksttolking, kontekstuelle analyser, og teoretiske og metodiske problemstillingar. Vi tek utgangspunkt i det utvida tekstomgrepet, som inkluderer både skjønnlitteratur, sakprosa, samansette tekstar og andre tekstuttrykk. Det didaktiske arbeidet i gruppa handlar mellom anna om korleis lærarstudentar og lærarar legg til rette for undervisning med desse teksttypane i klasserommet, korleis elevane utviklar litterær kompetanse i arbeid med tekstane, og korleis styringsdokument som læreplanar i norskfaget vert tolka og forstått innanfor institusjonane som skal styre etter dei.

 Det er eit hovudmål at medlemene skal få rettleiing og respons på arbeid undervegs og inspirasjon til framtidige prosjekt. Dessutan skal gruppa halde kvarandre informerte om aktuelle forskingssamarbeid, prosjektutlysingar, og nyttige nettverk. Der det er ønskeleg, vil vi søke interne eller eksterne midlar for meir formaliserte samarbeidsprosjekt. I tillegg er det eit mål å integrere masterstudentar og ph.d.-stipendiatar i forskingsgruppa.

Medlemer

Aktivitetar

På kvart møte vil ein eller to medlemer (eller gjester) presentere pågåande FoU-arbeid, til dømes utkast til artikkel, idé til bok, søknad om forskingsmidlar eller komande føredrag. Dette er ikkje ferdige arbeid, men ein kladd som ein kan drøfte med fagfellar for å få nyttige innspel i prosessen.

Pågåande prosjekt

  • Brill Women Writers in History: nye bøker for 2025-27 (Hovudredaktør for serien: Marie N. Sørbø).
  • DARIAH-EU Women Writers in History (fleire styremøte, arbeidsmøte, datasprint, seminar, samt årskonferanse 2025)
  • Dembra-prosjektet Konspirasjonsteorier og konspirasjonstenkning: https://www.dembra.no/no
  • Hans Strøm jubileum 2026 (Marit Brekke)
  • HERA Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe (avslutta, no i publiseringsfasen).
  • Jane Austen jubileum: tre inviterte føredrag på ‘The Global Jane Austen’, University of Southampton (10-12 July 2025), og ‘250 Glorious Years: Jane Austen’s Legacy’, Jane Austen Society of Australia, Canberra (31 Oct – 2 Nov 2025).
  • Lansering av databasen SHEWROTE (Göttingen, juni 2025) og forskingsseminar knytt til denne (Marie N. Sørbø).
  • Nabospråksnettverket.
  • Nordiske Temadage (2022-2025) saman med Københavns Professionshøjskole, Høgskolan i Kristianstad og NTNU: https://nordisketemadage.nu/nordiske-temadage/baeredygtighed-i-dansk-norsk-svensk/
  • Norsk.no – Forskingsdagane.
  • Prosjekt under utvikling i samarbeid med Forskingsgruppa for litteratur ved Nord-universitetet
  • Temanummer om Litteraturdidaktikk i tidsskriftet Skriftkultur7, 2025 med gjesteredaktørar Marit Brekke, Wenke Mork Rogne og Hallvard Kjelen (Nord-universitetet).
  • The Reception of the Brontë Sisters in Europe, nytt bokprosjekt for Bloomsbury Academic, under planlegging frå 2025. Redaktørar Marie N. Sørbø og Maria Jesus Lorenzo-Modia, Universitetet i A Coruña, Spania.
  • Vurdere samarbeid om NFR-søknad om transnasjonal kvinneleg skriftkultur på 1800-talet.