Mastergrad

Undervisning og læring, spesialisering i spesialpedagogikk, matematikk eller norsk

Heiltid, Samlingar

Mastergraden har tre valbare spesialiseringar. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innsikta mot arbeid i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk er innsikta mot arbeid både i barnehage og skule. Hovudmålet med studiet er å gi studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule.

 

 

 

Closed for application

Søknadskode : 4380 (matematikk), 4382 (norsk), 4384 (spes.ped.)

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Master i undervisning og læring gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa.

Opptakskrav

Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane. Til spesialiseringa i norsk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk og minst karakteren C (2,8) i faget. Til spesialiseringa i matematikk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk og minst karakteren C (2,8) i faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Avhengig av forkunnskap og spesialisering, kan dette studiet gi deg
• kvalifkasjonar for m.a.:
– spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
– arbeid i PP­tenesta
– arbeid i høgskulesektoren
– doktorgradsstudium
• lektorkompetanse
• høgare fagdidaktisk kompetanse for undervisning i matematikk eller norsk i grunnskule eller vidaregåande skule
• auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU­ aktivitet i barnehage og skule

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Arne Kåre Topphol

Studieplan

Mastergradsstudium i undervisning og læring, heiltid

Studieprogram: 
Mastergradsstudium undervisning og læring
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
65
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

1. Opptaksgrunnlaget til mastergradsstudiet i undervisning og læring er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanninga. 
  • allmennlærarutdanning. 
  • førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning. 
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning. 

2. Til spesialiseringa i matematikk er det eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk. Ein krev minst karakteren C (2,8, G eller stått) i faget.

3. Til spesialiseringa i norsk er det eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk. Ein krev minst karakteren C (2,8, G eller stått) i faget.

4. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

5. Inntil 30 prosent av studieplassane er reserverte for grunnskulelærarstudentar ved Høgskulen i Volda som vel overgang til Masterstudiet i undervisning og læring det fjerde året i utdanninga si. Dersom grunnskulelærarstudentane utgjer meir enn 30 prosent, blir dei rangerte og tildelt studieplass på same måten som ordinære søkjarar. 

6. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 

7. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.

8. Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje om undervisningsopptak til dei avsluttande emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteravhandling (UL306/306D). Desse emna har avgrensa tal på studieplassar. Søkjarane må ha C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna, og blir deretter rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterane frå desse emna. Ved lik rangering vert opptak avgjort ved loddtrekking. 

Om studiet: 

Mastergradstudiet i undervisning og læring har tre spesialiseringar: matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Hovudmålet med studiet er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innsikta mot arbeidet i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk er innsikta mot arbeid både i barnehage og skule.

Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringane. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.

Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering kan dette studiet gje deg

  • lektorkompetanse
  • høgare fagdidaktisk kompetanse for undervisning i matematikk eller norsk i grunnskule eller vidaregåande skule
  • auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
  • kvalifikasjonar for m.a.:
    • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
    • arbeid i PP-tenesta
    • arbeid i høgskulesektoren
    • doktorgradsstudium
Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor dei respektive spesialiseringane
  • har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
  • har grundige kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til dei respektive fagfeltet
Ferdigheiter: 

 Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte ut frå dei respektive spesialiseringane.
  • kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
  • kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor dei respektive spesialiseringane. 
Organisering og arbeidsmåtar: 

Heiltidsstudiet går over 2 år/4 semester.

Studiet er delt inn i tre spesialiseringar. Kvar spesialisering inneheld seks emne, fire av desse emna er obligatoriske og felles for alle. Fellesemna er: Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301), 15 stp, Utvikling og læring (UL302), 15 stp, Vitskapsteori og forskingsmetode (UL 305), 15 stp og Masteravhandling (UL306), 45 stp.

  • Studiespesialiseringa i spesialpedagogikk inneheld emna Språk- og leseutvikling og språkvanskar (ULSP303), 15 stp og Leiing og åtferd (ULSP304), 15 stp.
  • Studiespesialiseringa i norsk inneheld emna Lese - og skrivekunne (ULNO303), 15 stp og Norskfaget, norsklæraren og klasserommet (ULNO304), 15 stp.
  • Studiespesialiseringa i matematikk inneheld emna Problemløysing og modellering (ULMA303), 15 stp og Matematikkens historie, geometri og algebra, (ULMA304), 15 stp.

Etter individuell vurdering er det mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk og matematikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om slik godskriving. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteravhandling (UL306) har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Heiltidsstudentar tek til på dei to emna samstundes. Masteravhandlinga (UL306) kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305)

Alle emna i kvar av spesialiseringane er obligatoriske for å få godkjent studiet som master i undervisning og læring. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL 305), 15 stp og Masteravhandling (UL306) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.

Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304, ULMA303, ULMA304, ULNO303, ULNO304 og UL305 går over eitt semester, og med fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. Masteravhandlingsemnet UL306 har færre samlingar og går over eit og eit halvt semester. 

Navn: 
Mastergradsstudium i undervisning og læring, heiltid.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
 Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar: 

  •  samlingsevalueringar 
  •  sluttevaluering 
  •  møte i fagutvalet for studiekvalitet 
  •  tilbakemelding frå sensor
Ansvarleg: 
Arne Kåre Topphol T: 70075363 E: arnekare.topphol@hivolda.no