Vidareutdanning (bachelornivå)

Kommunal økonomi

Deltid, Nettstudium

Emnet er spesielt retta mot tilsette i offentleg sektor, men høver også for folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt i dette saksfeltet.

Stengt for søking

Søknadskode : 4016

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Studieinnhald

Studieprogrammet gir kompetanse i økonomisk styring og styringsreiskapar i kommunar. Studentane får kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, til dømes i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.

Les meir om emnet her

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp med leksjonar, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei heimeoppgåve. Oppgåva blir levert elektroniske gjennom Canvas. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Håkon Bø