Bachelorgrad

Journalistikk, spesialisering tv/radio

Heiltid

Ønskjer du eit kreativt yrke? Ved bachelor i Journalistikk, spesialisering i TV og radio, blir det lagt særleg vekt på bruk av lyd og levande bilete. I løpet av studiet vil du få praktisk erfaring med innhaldsproduksjon både på høgskulen og i eksterne redaksjonar. I følge ferske tal frå Studiebarometeret har Høgskulen i Volda landets mest fornøgde journalistikkstudentar.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 849

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2020

Studieinnhald

Journalistutdanninga gir deg ei brei innføring i kringkastingsjournalistikken sine mange format, teknikkar og teknologiar. Studiet gir også kompetanse i nettpublisering, som i dag er ein sentral del av TV- og radiojournalistikken. Du får du god trening i journalistisk arbeid og kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål. Det vert lagt vekt på å gi studentane ei medviten haldning til tale-, bilete- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel. Utdanninga disponerer topp moderne utstyr, og undervisninga er basert på dei nyaste publiseringsprogramma.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Internasjonalisering

Studentane kan ta delar av journalistikkutdanninga i utlandet. Vi vil mellom anna rå til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Irland, Storbritannia eller Tyskland. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.


 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver, enkeltvis og i grupper. Arbeidet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. I løpet utdanninga skal du ha fire periodar med obligatorisk praksis.

I det siste semesteret blir studentane utplassert i attraktive praksisplassar i ulike mediebedrifter. Her skal dei inn i ein redaksjon og arbeide som journalistar. Det siste året må studentane søkje hovudspesialisering i anten fjernsyn eller radio.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde innanfor bransjen. Studentane ved journalistutdanninga får attraktive praksisplassar i ulike mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i NRK, TV2 og VGTV og P4 arbeider mange journalistar som har studert i Volda. 

Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar, som til dømes Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
André Folkestad


Last ned studiet som PDF

Innblikk

Hans Solbakken

Hans Andreas Solbakken har alltid hatt lyst til å arbeide med sportsjournalistikk. Vi besøkte han på jobb hos NRK Sport.

Anna Valderhaug

Anna Kristine Lund Valderhaug har alltid vært interessert i musikk. I dag jobber hun som produsent i Christine på NRK P3 der hun får oppleve og oppdage mye ny musikk. 

Petter Winther

Petter Winther har alltid vore glad i å skrive, og tok  journalistikkutdanning i Volda. No jobbar han som økonomijournalist i Dagens Næringsliv.

Studentradio

Blod, svette og tårer: – Volda studentradio, Norges koseligste radio

Volda Studentradio- vi er på lufta. Det er en tirsdag kveld høsten 2016.  Jeg og to andre studenter jeg har blitt kjent med i fadderuka, skal til å ha vårt første radioprogram. Hun er fra Tromsø og virker som en vittig jente, og han er fra Oslo og virker som en trivelig kar. Kommer vi til å funke sammen på lufta? 

Urørt - Peder Haugfos

Fra Volda til P3

– Den kuleste jeg har møtt i min tid som journalist, det må være min bestekompis fra Volda. Vi snakker på telefon hver dag, og det er der mange av ideene blomstrer.

Simon Nitsche og Emil Gukild

"Mediebransjens stjernefabrikk"

Simon Nitsche og Emil Gukild traff hverandre på Høgskulen i Volda. Nå er begge kjente TV-ansikter; Emil i NRK og Simon i TV 2. Studiet i Volda kan de ikke få fullrost nok.