Bachelorgrad

Historie

Heiltid, Nettstudium

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2019 ein nettbasert bachelor i historie. Som nettstudent kan du  legge opp dagane slik dei passar for deg. Har du internett, har du studiet med deg over alt. Nettstudiet i historie har det same faglege innhaldet som det vanlege campusstudiet. Det er også mogleg å ta studiet på deltid over 12. semester.

Bachelor i historie har som mål å gi deg eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Du får kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. Bachelor i histore kvalifiserer for ulike yrke innanfor formidling, kultur og internasjonalt arbeid.

Søk studieplass!

Søknadskode : 223.513

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2019

Studieinnhald

Det nettbaserte bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna. Dei resterande 75 studiepoenga kan i prinsippet takast fritt. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til.

Vil du bruke utdanninga i skulen, må du frå hausten 2019 ha mastergrad og byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere ved den nettbaserte utdanninga at du er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Utdanninga kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte og Master i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, eller masterstudium i historie ved universiteta i Noreg.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål: Harald Endre Tafjord