Barnevernsarbeid (deltid)

Mastergrad

Masterutdanninga er orientert mot, og relavant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar/oppgåver.

Studentane skal få inngåande kompetanse om barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, medrekna tilhøve i samfunnet som har særleg betydning for velferd og kvardagsliv. Det er ein viktig del av studiet å gi studentane analytisk, kritisk, praktisk og juridisk kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar i møte med barn og unge og deira familiar.

 

Løpande opptak frem til studiet er fullt, eller nærmare semesterstart. Utvidet fra opprinnelig frist 15. april.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 8 semester (4 år)
  • 120 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav
    • Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
    • Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.

    Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden

    Utdanninga har krav om politiattest.

     

     

     

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud og høgskulelektorar Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson

Frå hausten 2023 tilbyr Høgskulen i Volda ei ny tverrfagleg masterutdanning i barnevernsarbeid. Fagmiljøet er svært glade for å kunne bidra i arbeidet med å heve kompetansen blant tilsette i barnevernet.

Frå hausten 2023 tilbyr Høgskulen i Volda ei ny tverrfagleg masterutdanning i barnevernsarbeid. Fagmiljøet er svært glade for å kunne bidra i arbeidet med å heve kompetansen blant tilsette i barnevernet.

Studieinnhald

Studentane skal gjennomføre fire veker (20 dagar) samanhengande praksis. Praksisen er ein del av emnet Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg arbeid. Studenten kan gjennomføre praksis på sin eigen arbeidsplass eller ved ein av praksisstadene Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med.  

Dei obligatoriske emna er:

  • Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, 15 STP
  • Barnevernsarbeid, 15 STP
  • Innovasjon, fagutvikling og tverrprofesjonelt samarbeid, 15 STP
  • Forskingsmetode og vitskapsteori, 15 STP
  • Masteroppgåve 30 STP

Arbeidet med masteroppgåva er sentralt i studiet. Å skrive masteroppgåve føreset at studentane kan arbeide sjølvstendig med ei oppgåve over tid. Før arbeidet med masteroppgåva skal studenten og rettleiaren skrive under på ein rettleiingsavtale. Avtalen følgjer studenten.  

Valemne ved Høgskulen i Volda er:

  • Juss i barnevernsfagleg arbeid -15 STP (vår 1. studieår)
  • Tiltak mot rusproblem - 15 STP (vår 1. studieår eller vår 3. studieår)
  • Rus som kulturelt og sosialt fenomen - 15 STP (haust 4. studieår)
  • Meistring – og myndiggjering samhandlingsperspektivet - 15 STP (haust 4. studieår)

Praksis og utveksling i utlandet

Studentar kan etter søknad få godkjent relevante (15 stp) valemne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet som Høgskulen i Volda (HVO) har samarbeidsavtale med. Etter søknad er det også mogleg å få godkjent emne frå andre utdanningsinstitusjonar.  

Studentar kan skrive masteroppgåve ved samarbeidsinstitusjon i utlandet, der tematikken gjer dette aktuelt.  

Ta kontakt med studiekoordinator for meir informasjon om utveksling. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Masterutdanninga er eit deltidsstudium som går over fire studieår. Det er tre samlingar kvart semester, og studentane tek normalt 15 studiepoeng i semesteret.

Utdanninga er samlingsbasert og inneheld varierte undervisningsmåtar, der det vert veksla mellom tradisjonell førelesning, seminar og arbeid i grupper. I gruppearbeida skal studentane reflektere kritisk og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt. Det vert lagt opp til studentaktivitet både på og mellom samlingane.

Samlingane er ved Høgskulen i Volda. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og studentar skje på digitale plattformer.

I tilknyting til masteroppgåva kan studentane delta i forskingsgrupper som arbeider med forskingsprosjektet relatert til barnevernfeltet.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Masterutdanninga er orientert mot, og relevant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar / oppgåver. 

Utdanninga kvalifiserer elles til arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar, og gir grunnlag for opptak til ph.d. program.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Emnet BVA 301 - Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er organisert med 3 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas.

Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 20. august 2024

  • Samling 1: Veke 34: Tysdag 20/08 - Torsdag 22/08 - 2024
  • Samling 2: Veke 39: Tysdag 24/09 - Torsdag 26/09 - 2024
  • Samling 3: Veke 44: Tysdag 29/10 - Torsdag 31/10 - 2024

 

Emnet BVA302 - Barnevernsarbeid er organisert med 3 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas.

Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 3. september 2024

  • Samling 1: Veke 36: Tysdag 03/09 - Torsdag 05/09 - 2024
  • Samling 2: Veke 40: Tysdag 01/10 - Torsdag 03/10 - 2024
  • Samling 3: Veke 46: Tysdag 12/11 - Torsdag 14/11 - 2024

Studieplan

Barnevernsarbeid - master (deltid)

Studieprogram: 
Barnevernsarbeid - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2024
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Treårig bachelorutdanning med yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog. Søkjarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning (på bachelornivå), med minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan også vurderast. Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden.

Opptakskrava er i tråd med Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid

Om studiet

Masterutdanninga i barnevernsarbeid skal bidra til å møte behov for auka kompetanse i barnevernet. Utdanninga baserer seg på Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid

Utdanninga skal gi læringsutbytte i tråd med krav på kompetanseområda:

  • Perspektiv på barn, unge og  familiar i utsette livssituasjonar
  • Barnevernsarbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • Innovasjon og fagutvikling i møte med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar

Utdanninga skal utdanne studentar som har inngåande kompetanse om barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, medrekna kva forhold i samfunnet som særleg har betydning for barn, unge og familiars velferd og kvardagsdagsliv. Utdanninga tek sikte på å utvikle studentane sin analytiske, kritiske, praktiske og juridiske kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar i møte med barn og unge og deira familiar. Studentane skal vidare vere i stand til å kunne reflektere kritisk over eigen praksis, samt vurdere samanheng mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, forsking og relevant rettspraksis.Studentane skal få inngåande kunnskap om det vitskapsteoretiske grunnlaget for kritisk refleksjon, og utvikle ferdigheiter i å bruke kritisk refleksjon som tilnærming i eigen praksis og i kompetanseutvikling på eigen arbeidsplass.Studentane skal kunne igangsette og lede fagutviklingsprosjekt og utvikle relevante problemstillingar, samt kunne designe og gjennomføre forsking.

Studiet skal kvalifisere for nasjonal deleksamen i juss for masterprogramma i barnevern og barnevernsarbeid, og i tillegg gi juridisk kompetanse ut over det. Vektlegginga av juridisk kompetanse heng i hop med krav til sakshandsaming og krav til grunngjeving av avgjersler.

Utdanninga skal sikre kompetanse som dannar grunnlaget for at samiske barn og minoritetsbarn sine rettar til eige språk, kultur, etnisitet og religion blir ivaretatt i vurderingar av barnets beste og i barnevernets arbeid, jf. nasjonalt og internasjonalt regelverk. Utdanninga tek utgangspunkt i at menneskerettane er grunnleggande sentrale i barnevernet.

Masterutdanninga er orientert mot, og relevant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar / oppgåver. Kompetansen som utdanninga gir er også relevant for arbeid på andre arenaer som arbeider med barn og unge og familiar i utsette livssituasjonar. Master i barnevernsarbeid kvalifiserer elles til arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar. Studentar som tek utdanninga – og oppnår ein viss karakter - vil kunne søke opptak i ph.d.- program.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på barn og unges utvikling
  • har avansert kunnskap om teoriar og perspektiv på betydninga av mangfald, kulturelle forskjellar og sosial ulikskap hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
  • har avansert kunnskap som dannar grunnlaget for at samiske barn og minoritetsbarn sine rettar til eige språk, kultur, etnisitet og religion blir ivaretatt i vurderingar av barnets beste og i barnevernets arbeid
  • har avansert kunnskap om kravet til fagleg kvalitet og forsvarlegheit i utrednings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar i barnevern
  • har avansert kunnskap om barns rett til informasjon, medverknad og medbestemming i barnevernsarbeid
  • har inngåande kunnskap om barnevernet sine diskursar i eit historisk og samtidsmessig perspektiv
  • har inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet, inkludert FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjon
  • har inngåande kunnskap om familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid
  • har avansert kunnskap om barnevernets rolle og samfunnsmandat og korleis tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid kan gi god hjelp til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • har inngåande kunnskap om innovasjon og innovasjonsprosessar i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • har inngåande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar, vitskapsteori og forskingsetikk med relevans for barnevernsfeltet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan anvende og forholde seg kritisk til ulike teoretiske perspektiv i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan analysere og forholde seg kritisk til barnevernets rolle, makt og myndeutøving i arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan analysere kva betydning kulturelle forskjellar, sosial ulikskap, levekår og buforhold har for hjelpebehov hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan analysere og forholde seg kritisk til informasjonskjelder og anvende desse i utrednings- og tiltaksarbeid, og avgjerdsprosessar.
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike perspektiv og tilnærmingar og kunne bruke desse i samtalar, samarbeid og i relasjonar med barn og foreldre i utsette livssituasjonar
  • kan sjølvstendig identifisere og analysere juridiske problemstillingar og anvende juridisk metode og relevante rettskjelder for å sikre barns og foreldres rettar.
  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i tverrfagleg samarbeid, fagutviklings- og innovasjonsarbeid innan barnevern
  • kan bruke relevante metodar for å planlegge, lede og evaluere eit avgrensa forskings - eller utviklingsprosjekt i barnevernsarbeid, under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte kritisk refleksjon og avansert kunnskap om omsorgssvikt i analysar av barns omsorgssituasjon, og utøve skjøn og etisk dømmekraft i komplekse omsorgsvurderingar
  • kan analysere relevante yrkesetiske problemstillingar i barnevernsarbeid og kritisk reflektere over korleis makt, kultur og eigne verdiar kan innverke på arbeidet med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan kommunisere om analysar og konklusjonar ut frå eksisterande forsking og ulike perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, både med spesialistar, interesseorganisasjonar og til allmugen
  • kan bidra til, og koordinere, tverrfagleg samarbeid i komplekse situasjonar saman med barn, unge og foreldre
  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter for å gjennomføre innovasjonsprosjekt i arbeid med barn, unge og familiar
  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter for å planlegge miljøterapeutiske tilnærmingar i og utanfor institusjon
Organisering og arbeidsmåtar

Masterutdanninga er eit deltidsstudium som går over fire studieår. Studentane tek normalt 15 studiepoeng i semesteret. For studentar som ønskjer det kan studiet gjennomførast på kortare tid.

Dei obligatoriske emna utgjer 90 studiepoeng og dei resterande 30 studipoenga er valfrie.

Juridiske tema/rettsanvendelse i barnevernet inngår i det obligatoriske emnet BVA301, og er grunnlag for nasjonal deleksamen i juss. Emna BVA301, BVA302 og BVA303 må vere bestått før studenten kan starte på BVA304. Alle desse fire emna må vere bestått før studenten kan levere inn masteroppgåve til vurdering.

Følgjande valemne er førehandsgodkjende for godskriving: MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet, RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen, IPA304 Leiing og personalutvikling. Desse emna går i haustsemesteret. Kun studentar som ikkje føl ordinært studieløp vil ha mulegheit til å ta desse emna, t.d. ved å ta to emne same semester. 

Arbeidet med masteroppgåva er sentralt i studiet. Å skrive masteroppgåve føreset at studentane kan arbeide sjølvstendig med ei oppgåve over tid. Før arbeidet med masteroppgåva skal studenten og rettleiaren skrive under på ein rettleiingsavtale. Avtalen følgjer studenten.  

Praksis

Studentane skal gjennomføre fire veker (20 dagar) samanhengande praksis. Praksisen er ein del av emnet BVA303 Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid. Praksis kan gjennomførast på studenten sin eigen arbeidsplass, eller ved ein av praksisstadene Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med.

Føremålet med praksis er å gje studentane nye erfaringar i barnevernsarbeid og særleg utvikle kompetanse i fagutvikling, tverrfagleg samarbeid og innovasjon for arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.

Praksis vert gjennomført i tråd med Retningslinje for praksis ved utdanninga Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda

Det er krav om politiattest for gjennomføring av praksis.

Internasjonalisering

I løpet av studiet kan 30 studiepoeng valemne takast ved universitet i utlandet som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire internasjonale universitet innan relevante fagområde. Å ta valemne ved universitet i utlandet, som Høgskulen ikkje har avtale med, kan vere aktuelt. Desse emna må vere førehandsgodkjende av Høgskulen i god tid før utvekslinga. Ta kontakt med studiekoordinator for meir informasjon om utveksling.

Studentar kan vere ved samarbeidsuniversitet i utlandet under datainnsamling og skriving av masteroppgåve, der tematikken gjer dette aktuelt.  

Ansvarleg
Reidunn Håøy Nygård
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 8 semester (4 år)
  • 120 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav
    • Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
    • Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.

    Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden

    Utdanninga har krav om politiattest.

     

     

     

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4543

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt