Volda skårar høgst

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Planen var spikra: siste året av grunnskulelærarutdanninga skulle ho ta i Bergen. Det var heilt fram til Vilde Femsteinevik Stakseng i vår var med på å spele KFUM Volda opp i eliteserien i volleyball. 

– Eg har vore med på to opprykk i løpet av tre sesongar, og opplevd ei fantastisk reise frå 2. divisjon til eliteserien. Det er ingen ting eg heller vil enn å spele på det høgste nivået med KFUM Volda – det er ein draum som blir sann. Difor måtte eg no også ta ein u-sving i livet mitt, smiler Stakseng.
Då opprykket vart sikra i slutten av april, var hybelen i Volda allereie sagt opp og det var like før bagasjemerket på kofferten fekk teksta «Bergen» på seg. Ein god start på sesongen vart etterfølgd av variable prestasjonar i 1. divisjon, og etter vinteren var nesten alt håp ute for eit eventuelt opprykk. Ei endring i seriesystemet gjorde at plutseleg skulle to og ikkje eit lag opp ein divisjon, noko som førte KFUM Volda tilbake i dansen. Mykje godt spel og mange ørsmå marginar på rett side i den siste og avgjerande rankingturneringa, gjorde at volleyballdamene igjen sette Volda på idrettskartet.

– Klippe i livet mitt

I sigersdansen og -rusen rett etter kampslutt lova Stakseng den bulgarske trenaren Vladislav Todorov at ho ville bli att i Volda. Det gjer at ho også fullfører grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, og no ser fram imot å ha kroppsøving som fag heile det siste året. Eit innhaldsrik og til tider krevjande studium med ein del praksis, og volleyballen, har ikkje stått i vegen for kvarandre. Nesten heller tvert om, synest Vilde.
– Studia er varierte og svært lærerike – det er spennande og læraryrket har vakse på meg i løpet av desse tre åra i Volda. Samstundes har volleyballen vore ei klippe i livet mitt. Når studielivet innimellom kan vere litt tøft, er det godt å ha noko på fritida som ein veit at ein meistrar veldig godt og som ein alltid trivst med, seier Vilde etter å ha tenkt seg godt om nokre sekund.

Må prioritere

Volleyball på det øvste nivået i Noreg vil ikkje krevje mindre av ho og lagvenninnene. Trening kvar ettermiddag/kveld måndag til fredag og gjerne også trening eller kampar i helgane, er ikkje det ein oftast forbind med ein fulltidsstudent. 
– Det er ingen problem å kombinere volleyballen med studia. Viss ein er så lidenskapeleg opptatt av volleyball som eg er, får ein det til å fungere. Idretten engasjerer meg noko enormt, det er også difor eg greier å velje vekk andre ting som sikkert hadde vore kjekke på kveldar og i helgene. Eg har prioritert utdanning og idretten svært høgt.

Attraktive for nye studentar

I tillegg til Stakseng spelar også to andre studentar på same lag. Leiar i KFUM Volda, Rune Aarflot, ser ikkje bort i frå at eliteseriestatusen kan vere med på å trekke enda fleire volleyballsatsande jenter til Volda. – Dei siste åra har vi berre hatt med eit par-tre studentar på laget. Men, desse studentane har vore viktige spelarar med lang erfaring. At Volda er ein studiestad, gjer også at vi har tilgang på ei større gruppe potensielle spelarar. Forhåpentlegvis kan vi – og Høgskulen i Volda – trekke til oss fleire spelarar og studentar når vi no skal spele i eliteserien, seier Aarflot. Herrelaget til KFUM Volda rykte i vår opp til 1. divisjon, som gjer at tilbodet for begge kjønn er svært godt.

Nesten som heime

Nye studentar kjem til Volda og andre reiser. Kvart år. 2019 vart i alle fall eitt år for tidleg for Vilde å forlate Volda. Ho skal garantert fullføre utdanninga her, så får tida vise kor lenge kjærleiksforholdet og spelarkarriera i det som har vorte klubben i hennar hjarte vil halde fram. 
– Eg har også blitt utruleg glad i Volda som stad. Og eg har blitt enda meir glad i å nyte naturen og gå i fjellet. Sjølv om det er langt heim til Øystese og Hardanger, kjennast det litt som heime med fjorden og fjella. Og volleyballen da. Sjølv om ein ikkje har eit eliteserielag der, er det også ei volleyballbygd.
Akkurat som studiebygda Volda.
 

Del på