Studere til hausten? Framleis mogleg å søke!

Det er ikkje for seint å bli student ved Høgskulen i Volda frå hausten av!

Vi har løpande opptak på både master, årsstudium og enkeltemne. Fleire av desse studia kan ein fint kombinere med jobb!

Sjå ledige studietilbod her!

Bachelorgrad eller årsstudium? Ledige plassar frå 20. juli

Samordna opptak hadde ordinær søknadsfrist 15. april. Men etter hovudopptaket er det frå 20. juli kl. 9 mogleg å søkje på ledige studieplassar innanfor ulike fagområde – sjå også oversikta over tilgjengelege studium på samordnaopptak.no.

Etter at Samordna opptak har opna for at du kan søkje på studietilbod med ledig kapasitet, dukkar desse opp i oversikta over ledige studietilbod hos oss – her finn du til dømes bachelorstudium og årsstudium.

Håpar vi ser deg i Volda til hausten, anten du vil studere på deltid, på heiltid, fysisk eller digitalt! 

Del på