Statsbudsjettet: – Som forventa, men ikkje godt nok for sektoren

Høgskulen i Volda får ei tildeling på 452,5 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2025.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Måndag 7. oktober la finansminister Trygve Slagsvold Vedum fram forslag til statsbudsjett for 2025. Her blei det klart at satsinga frå Kunnskapsdepartementet var retta inn mot ei styrking av fagskular, medan UH-sektoren (universitets- og høgskulesektoren) generelt ikkje er like nøgde med utviklinga og satsinga frå regjeringa.

Høgskulen i Volda (HVO) har fått ei total tildeling på 452,5 millionar for 2025 i framlegget. HVO har søkt om, men ikkje fått innvilga, satsingsforslaga for tildeling av nye studieplassar for sjukepleieutdanning og for fleire stipendiatstillingar til den nye doktorgradsutdanninga ph.d. i utdanning, språk og kultur.

Statsbudsjettet legg også opp til ei vidareføring av kutt i koronamidlane som i 2024.

Ny finansieringsordning verkar inn

Den nye finansieringsordninga i UH-sektoren, som blir innført frå 2025, utgjer ein reduksjon i løyvinga til HVO som er i tråd med det høgskulen tidlegare har berekna i arbeidet med langtidsbudsjettering.

HVO er som alle andre i UH-sektoren avhengige av å få rekruttert studentar og få desse gjennom studieløpa dei byrjar på. Slik den nye finansieringsordninga er rigga, gjer ein nedgang i talet på studentar ved HVO dei siste åra at løyvingane blir reduserte.

– I det store og heile er budsjettet som forventa og utan dei store overraskingane. Samtidig er vi ikkje nøgde med den generelle satsinga som regjeringa med dette budsjettforslaget legg opp til for UH-sektoren, seier prorektor Eirik Søvik ved HVO.

Får midlar til tjue barnehagestudieplassar

HVO er mellom dei som har fått tildelt ein pott for studieplassar i ei ny satsing for arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Dette er snakk om flytting av ledig kapasitet frå ordinær barnehagelærarutdanning til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.

Den totale tildelinga på 452,5 millionar til HVO for 2025 i framlegget utgjer i realiteten ein nedgang samanlikna med fjoråret når ein tek ut pris- og lønsvekst. Med denne veksten irekna er realnedgangen i den føreslegne 2025-tildelinga til HVO på 4,8 prosent.

– Vi skulle ønskje at dette var betre, men det viktige framover blir å syte for meir opptak av studentar og ei sterkare gjennomføring over tid. Dette er ei utfording vi er klare for å ta, avsluttar prorektor Søvik.

Del på: