Over 750 ungdommar prøvde å vere Volda-studentar

Gjennom ein heil skuledag fekk elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular teste ut og høyre om kva ein lærer og gjer på dei ulike studia ved Høgskulen i Volda – og ikkje minst kva studentane fyller fritida si med i Volda.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Drygt 750 elevar frå dei vidaregåande skulane Ålesund, Borgund, Volda, Spjelkavik, Stranda, Vestborg, Ulstein, Stryn, Firda, Eid, Akademiet Ålesund og Ørsta, og folkehøgskulane Ålesund og Møre, tok del i Utdanningsdagen 2025.

Til Volda kom dei for å få ein smakebit på kva som ventar dei om dei vel å ta høgare utdanning. På førehand skulle elevane velje tre av dei 16 ulike bachelorgradsprogramma HVO tilbyr, i tillegg var også Høgskolen i Molde eit valalternativ.

Fekk teste og lære

Gjennom ein skuletime blei elevane introdusert for innhaldet i studieprogrammet dei gjesta. Kva får studentane vere med på av praktiske og teoretiske øvingar, korleis ser ein skuledag ut, kva er moglege yrker for denne utdanninga? Treng ein forkunnskapar?

Faglærarar og studentar gjorde dette ved å involvere elevane som var på besøk.

Til dømes fekk dei ved friluftsliv og naturguide moglegheit til å dra bildekk etter seg, som skulle illustrere ein pulk på vinterstid. Der laga dei bål som dei fyrte opp med tennstål og fekk informasjonen om studiet ute i ein lavvo.

Ungdommane som var innom idrett og kroppsøving sin post kunne få teste styrken sin.

Hos samfunnsutvikling fekk ungdommane prøve seg på arealplanlegging.

Unikt studiemiljø

Det første innblikket i studielivet og korleis ein student kjenner på livet i Volda, fekk ungdommane frå Astrid Annette Engh og Inger Hovland.

Astrid var ferdig med ein bachelor i journalistikk til sommaren, men har valt å bli i Volda og starta på Master in Media Practices. Inger trivst så godt i Volda at det som starta med eit årsstudium i idrett og kroppsøving, no blir til ein bachelor.

– Miljøet er så utruleg godt. Vi blir kjende på tvers av utdanningane og det er lett å få seg venner. Volda er akkurat passe stort nok, du møter kjentfolk der du går, men også stadig nye studentar, fortalde Astrid og Inger.

Astrid Annette Engh og Inger Hovland
Studentane Astrid Annette Engh og Inger Hovland snakka til ungdommane om korleis det er å vere student i Volda.

Dei la også vekt på at det ikkje er berre er mellom studentane miljøet er godt:

– Her bruker vi fornamn på lærarane våre og blir kjende med dei på ein annan måte enn ein kanskje blir ved mange andre studiestadar.

Dei to studentane viste også fram alt det studentane kan gjere på fritida i Volda. Det er for folk som kjem utanfrå eit ukjend univers, men som opnar seg med tusenvis av moglegheiter når ein blir student i studiebygda.

– Det er noko for alle. Det er mange ulike organisasjonar, anten en vil lage radio, tv, avis, drive med ei rekke ulike idrettar og friluftsliv, engasjere seg politisk og mykje meir. Sjølv starta eg til dømes opp badesøndag, som har blitt populært, sa Inger engasjert.

Sjølv om dei lovprisa Volda, fekk Astrid og Inger også vist fram moglegheitene Volda-studentane har til å dra utanlands.

– Sjølv var eg i Spania og hadde det kjempekjekt. Høgskulen er veldig flinke på utveksling, og kan hjelpe deg til land nesten kvar som helst i verda, lokka Astrid med.

Følg hjarte og bruk fornuft

Med eit stort smil opna Silje Ims Lied, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Utdanningsdagen.

Ho oppmoda studentane til å bruke og følgje både hjartet og fornufta i valet dei står framfor.

– Ha det i bakhovudet i dag når de snakkar med faglærarar og studentar rundt om på høgskulen. Kjenn etter kva du har lyst til å drive med og kva som også høyrest fornuftig ut for deg, sa Ims Lied.

Silje Ims Lied
Dekan Silje Ims Lied ønskte velkomen til Utdanningsdagen 2025 og kom med nokre gode råd i talen sin.

Dekanen innleia med å fortelje om at ein ved Høgskulen i Volda kombinerer solide og tradisjonsrike utdanningar med det som er kreativt og framtidsretta.

– De skal utgjere ein forskjell i samfunnet. Sørg for å ta eit informert val, undersøk moglegheitene rundt dykk, nytt difor dagen i dag godt, oppmoda Ims Lied om.

Viktig dag for utdannings- og yrkesval

Dei ulike utdanningane presenterte seg i dei forskjellige husa ved høgskulen. Med det fekk ungdommane sett mykje av høgskuleområdet og ein del av fasilitetane som finnast.

Den siste delen av dagen var også sett av til å gjerde nettopp det, bli kjend med campus og treffe studentorganisasjonar som stod på stand.

– Vi er veldig glade for at så mange skular og elevar vil kome til oss. Når dei gjer det, legg vi mykje arbeid i å lage ein dag som vi håper er med på å gjere valet deira om utdannings- og yrkesval litt enklare, seier Torill Engeset, prosjektansvarleg for Utdanningsdagen.

Når ho ser fullt av ungdommar som har det kjekt svirre rundt seg på campus, kan ho ikkje anna enn å smile.

– Vi er glade for at Utdanningsdagen har slått rot som ein del av rettleiinga for yrkesval i skulane i regionen, og gler oss til dei neste åra.

Del på: