Nytt smittetilfelle i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Onsdag 26.august fekk ein student ved Høgskulen i Volda stadfesta Covid-19 smitte. Smittekjelda er kjent og har tilknyting til smitteutbrotet hjå studentar i Bergen. Studenten har ikkje delteke på fadderveke eller hatt undervisning i Volda. 

- Smitteoppsporing er gjennomført. Studenten er isolert. Det er 4 nærkontaktar i Volda og 12 i Bergensområdet. Alle desse er kontakta og set no i karantene. Vi har god kontroll på den lokale situasjonen i Volda, og er derfor ikkje uro over lokal spreiing i Volda frå dette tilfellet, skriv kommuna i ei pressemelding. 
 
- Studenten kom til Volda med buss som gjekk i frå Bergen om morgonen 23.august. Det er lite sannsynleg at det kan ha skjedd smitte på bussen, men vi ber dei som har tatt same buss om å ta kontakt for testing om dei får luftvegssymptom, er oppmodinga frå Volda kommune. 
 

Del på