Nye moglegheiter i Erasmus+

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er blitt godkjend for deltaking i Erasmus+ 2021-2027. I den komande programperioden er budsjettet auka og moglegheitene utvida. 

Internasjonalt kontor gler seg over at det nye Erasmus+-programmet endeleg er lansert og arbeidar no med å kartlegge dei ulike støtteordningane som finst i den nye programperioden. Mange av utlysingane for studieåret 2021/2022 har søknadsfrist allereie no før sommaren så det er mykje å setje seg inn i på kort tid. 

Endå sterkare utnytting

Erasmus+-programmet er kanskje mest kjend som eit stipendprogram for studentar og tilsette som utvekslar til institusjonar i Europa. Men programmet inneheld også moglegheiter for finansiering av samarbeidsprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar, moglegheiter for rein digital eller blanda mobilitet (dvs. studie på nett med kortvarig utanlandsopphald) og nokre stipendmoglegheiter for utveksling utanfor Europa. 

– HVO har vore svært delaktig i Erasmus+ i førre periode og vi ser for oss ei endå sterkare utnytting av programmet dei neste åra. Moglegheitene i Erasmus+ er no utvida til å også dekke virtuelt samarbeid og digital undervisning, noko som er ein av styrkane til HVO. Difor ser vi for oss at Erasmus+ programmet vert endå meir aktuelt for våre fagmiljø i den komande perioden, seier leiar for Internasjonalt kontor, Arne Humberset.

Gode nettverk og kontaktar

Ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) har ei gruppe tilsette jobba målretta med Erasmus+ over lang tid. Arbeidet har bore frukter og avdelinga er no deltakar i to større europeiske utdanningsprosjekt. 

Det eine prosjektet, eit Erasmus+ Strategisk Partnarskap, EASIP Comp, vert koordinert av høgskulen. EASIP Comp har som mål å betre studentar sine kompetansar knytt til entreprenørskap. Det andre prosjektet er, eit Erasmus+ Policy Reform Project med namn SMART-Y, er rykande ferskt. I SMART-Y deltek HVO som ein av 8 europeiske institusjonar i eit samarbeid over 2 år. 

– Gode nettverk og kontaktar har vore avgjerande for begge Erasmus+-prosjekta som eg og Avdeling for samfunnsfag og historie er ein del av. Vi har opplevd desse som fruktbare både fagleg og for å bygge nettverk. Som eit eksempel vart vi med i det andre prosjektet etter tips frå nokon vi jobba med i det første, seier Nathalie Homlong, Professor og Internasjonal koordinator på ASH.

Internasjonalisering er eit strategisk viktig område for HVO og ein jobbar i desse dagar med ein ny Handlingsplan for internasjonalisering. Her vert Erasmus+-programmet ein viktig reiskap for å kunne delta i internasjonale prosjekt og hente inn midlar for aktivitetar på høgskulen. 


 

Del på