Ny IT-sjef ved Høgskulen i Volda

Rolf Driveklepp er tilsett som ny IT-sjef ved Høgskulen i Volda (HVO). Han tek til i stillinga 1. februar 2026

Rolf Driveklepp

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Del på:

Driveklepp er 54 år og kjem frå stillinga som Head of IT ved H-fasader AS. Han har lang og brei leiarerfaring innan IT, forretnings- og organisasjonsutvikling, og har mellom anna arbeidd i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og i Flakk Gruppen.

– Eg har hatt denne stillinga i tankane dei siste 10-15 åra og hadde nesten søknaden klar då annonsa kom. Eg gler meg veldig til både å bidra, å bli kjent med kollegaene - og ikkje minst til å lære, seier Rolf.

Høgskulen i Volda ser fram til eit godt samarbeid med Driveklepp i den viktige rolla som IT-sjef. Med si solide leiarerfaring og kompetanse på IT-feltet, vert Driveklepp eit viktig tilskot til leiargruppa på HVO og vi er glade for å ha fått han med på laget.

Del på: