Kortfilmfestivalen i Grimstad - i Volda!

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda og Volda kommune set i samarbeid med Kortfilmfestivalen i Grimstad opp lokale framsyningar av den tradisjonsrike festivalen, 9. – 13. juni. – Det vert mykje fabelaktig film for særs låge prisar, freistar arrangørane. 

Som ein av 12 utvalde kinoar i Noreg, vil Volda Filmteater vise konkurranseprogrammet for norsk kortfilm, dokumentar og musikkvideo.

I likskap med ei rekkje andre festivalar, har den tradisjonsrike Kortfilmfestivalen i Grimstad måtte ta nye grep for å nå ut med programmet sitt med covid-restriksjonane som gjeld. Når festivalen ikkje kan vere i Grimstad, kjem han heller til ein kino nær deg! Tolv utvalde kinoar over heile Noreg skal vise konkurranseprogrammet for norsk kortfilm, dokumentar og musikkvideo. Og Volda er altså ein av dei utvalde visningsstadane. 

Mykje film til låge prisar

– Det er vi kjempeglade for, seier kulturleiar i Volda kommune, Kristina Kostopoulos. Saman med kinomedarbeidar Mats Dahle Svoren og kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv, gler ho seg til å by Volda-publikummet på ein bonus-festival. 

– Vi kjem til å vise to bolkar film kvar dag, frå onsdag til søndag. Her vert det fantastisk mykje god film til låge prisar! Vi håper det bidreg til at mange får med seg desse perlene, seier Kostopoulos. 

– Eit festivalpass vil koste 250 kroner, då har du tilgang til alle framsyningane kvar dag. Ønskjer du å velje deg ut ein bolk med filmar, til dømes fredag klokka 17.30, kostar det berre 40 kroner! For studentar og skuleelevar vil prisen vere høvesvis 200 og 35 kroner. 

•    Sjå heile programmet og kjøp billettar her

Mange studentar att i Volda

– Dette er et utruleg kjekt tiltak, seier student Julie Wiken Krogstadmo, som studerer Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda. 

Sjølv om studieåret går mot slutten og mange anten har eksamen eller nærmar seg ferdig med undervisning for sommaren, fortel Wiken Krogstadmo at mange studentar er att i Volda. – Det er meir som skjer og er ope her enn mange andre stader i landet, og restriksjonane er mindre strenge, samtidig som det jo av smittevernhensyn er fornuftig å avgrense reisinga. 

– Vi er heldige som kan få eit slikt tilbod, meiner masterstudenten. 

Det er Kostopoulos og med-arrangørane glade for å høyre. 

– Det er mange av oss som saknar fleire sosiale møtestadar og hendingar etter tida vi har vore gjennom. Vi håper dette kan vere noko som både byr på både ei skikkeleg god filmoppleving og noko sosialt, sjølvsagt innanfor alle restriksjonar og i trygge rammer, seier dei, og ønskjer velkomen til Kortfilmfestivalen i Grimstad – i Volda!

PS! Kortfilmfestivalen i Grimstad er nest eldste filmfestivalen i Noreg, og har vore arrangert sidan 1978. Motivet er det same no, som for 43 år sidan: –  Det handlar om gleda ved å dele filmerfaringar og å få filmmiljøet til å komme saman, skriv arrangørane på si heimeside. 
 

Del på