Klima- og miljørapporten for 2023 er klar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Energiforbruket ved Høgskulen i Volda (HVO) held fram med å gå ned og når eit foreløpig botnpunkt i 2023, viser klima-og miljørapporten for HVO.

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Høgskulen vart nyleg resertifisert som Miljøfyrtårn, eit sertifikat som er gyldig i tre år.

Det betyr at ein vil halde fram med klima- og miljørapportar, og no er 2023-utgaven klar.

Rekordlågt energiforbruk

Den viser at energiforbruket ved HVO i 2023 har gått ned med 11 kWh/m2 frå året før og er nede på 135 kWh/m2. Dette gjer at trenden med stadig lågare energiforbruk held fram, og ein nærmar seg snart ei halvering av forbruket frå 2017, då ein starta med målingane.

Fleire av bygga på høgskuleområdet er enten nybygde eller renovert dei siste åra, som betyr at dei har fått installert energisparande led-belysning. I hus som ikkje er nyrenoverte er arbeidet med å skifte til led-lys i gang. Om lag 90 prosent av lyskjeldene i Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset er skifta. Mesteparten av utelysa er no også led.

Mindre fossilt drivstoff – litt meir fly og avfall

Mengda bensin og diesel som bilane til høgskulen nyttar nådde også eit nytt botnpunkt i 2023, som heng saman med at ein del av bilparken no er el-bilar. Det er også ein nedgang i tal kilometer køyrd med bilane.

Totalet tal flyreiser for dei tilsette ved høgskulen har auka litt frå 2022 til 2023, som kan henge samen med at det ført var i fjor at utanlandsaktiviteten tok seg opp att etter pandemien. Men talet er framleis om lag halvparten av det det var i åra før pandemien.

Avfallsmengda har ein liten auke. Dette heng saman med at høgskulen har rydda ut av lager i Sjukehusvegen og flytta frå Aasen-huset til Hans Strøm-huset. I samband med rydding og flytting har mykje blitt kasta. Det er ikkje forventa avfallsmengd på dette nivået i åra framover.

Mange gode tiltak i 2023

Elles har HVO har gjort fleire miljøvenlege tiltak i 2023. Les meir om dei under her.

  • Det er etablert fleire sorteringsstasjonar i det nyrestaurerte Hans-Strøm-bygget. Ny sorteringsstasjon er på plass i Berte Kanutte-huset. Alle hus og paviljongar har lagt til rette for sortering.
  • Kantina ved høgskulen, som er drifta av Studentsamskipnaden, er også i en prosess for å bli sertifisert som Miljøfyrtårn.
  • I Berte-Kanutte-huset og på loftet i Henrik Kaarstad-huset er ventilasjonsanlegget skifta.
  • Det er etablert kontakt med Volda Kommune for å diskutere om kommunen kan opprette mottak for brukte møblar. Mogleg oppstart opp i 2024.
  • Seta i Store auditorium i berte Kanutte-huset vart trekt om med norsk ullstoff. Nokre møtebord er pussa opp for gjenbruk.
  • Det vart arrangert Sykle til jobben-kampanje, våren 2023. Hensikta er å motivere til fysisk aktivitet og redusere unødig køyring til/frå jobb. HVO har to sykkelhotell og der er garderobar med dusj i fleire av bygga.
  • Avdeling for mediefag har kjøpt inn to syklar med lastekorg for interntransport.
  • HVO innførte ny reisepolicy hausten 2023, som gjer at dei tilsette blant anna har ei sjekkliste for å vurdere om reisa er nødvendig.
  • Deler av uteområdet som før var plen får vekse til høgt gras og blir slått ein til to gongar per sesong. Det er etablert biehotell, eit bidrag til naturmangfald.

Del på