Får gratis hjelp til å starte bedrift

Tekst: Daniela Elvebakk Mala , Foto: Daniela Elvebakk Mala

- Oppdatert

Har du ein genial idé til eit produkt eller teneste? På Sunnmøre Kulturnæringshage får du gratis hjelp og rettleiing til å vidareutvikle din idé.

– Ein må ikkje alltid finne opp hjulet for å ha ein god idé, ofte handlar det om å finne ein betre måte å bruke hjulet på, seier dagleg leiar ved Sunnmøre Kulturnæringshage, Martin Foldal.

Martin Foldal

 

Foldal har vore dagleg leiar i næringshagen sidan dørene opna i 2012. Han tilbyr, saman med forretningsutviklar Erlend Krumsvik, gratis rådgiving til alle som ynskjer å starte eiga bedrift. Ein kan få hjelp til alt frå å konkretisere ein idé til å gjennomføre marknadsundersøkingar og få svar på spørsmål rundt det å starte bedrift.  

Samarbeider med Høgskulen i Volda

Sunnmøre Kulturnæringshage blei starta for å hjelpe nyutdanna studentar å starte bedrift i Volda, og slik opparbeide eit kreativt miljø i bygda. Det blei derfor naturleg for næringshagen å lage ein avtale med Høgskulen i Volda om å saman jobbe for entreprenørskap for studentar i Volda.  

– Det er jo kult med studentar som tør å ha litt ambisjonar og som sikter litt høgt, seier Foldal. 

Både Foldal og Krumsvik held føredrag om entreprenørskap på høgskulen, og Foldal oppmodar alle som har ein idé til å ta kontakt.

 

Vi er eit lågterskeltilbod der ingen idear er dårlege. Vi er ikkje ein plass du skal verte stoppa i døra.

Foldal

Tegnetrass 

Studentane Daniel Westre Hansen, Gerd Marit Østensen, Anna-Elisabeth Kjellevold, Sondre Kjeka Apeland og Marte Jonill Kihle har denne våren starta studentbedrifta Tegnetrass, ei teiknebok for vaksne. 

Tegnetrass

– Det er mange som slutter å teikne i løpet av barne- eller ungdomsskulen fordi dei føler dei ikkje får det til. Vi ynskjer derfor å lage ei teiknebok med ei enkel innføring og oppgåver teiknaren kan løyse, seier Østensen. Ho er på det siste året i sin bachelor i kunst og handverk og tek faget “Entreprenørskap i kreative næringar” saman med resten av studentane som har starta Tegnetrass. Faget ynskjer å gje studentane innblikk og erfaring med å starte bedrifter og gjengen bak Tegnetrass er satt saman av studentar frå kunst og handverk, mediedesign og pr, kommunikasjon og media. Det meiner Østensen er ein stor styrke. 

– Vi har lært å tenkje på ulik kompetanse, og korleis vi best kan bruke kvarandre sin kompetanse. 

Medstudent Kihle fortel at dei har fått ein eigen mentor frå Sunnmøre Kulturnæringshage, som gjer dei gode råd og tips til vegen vidare. 

– Vi har vorte tatt i mot med opne armar på Sunnmøre Kulturnæringshage, og vi fekk beskjed om at vi kan bruke dei så mykje vi vil, anten det gjeld studentbedrifta eller andre ting, seier Kihle. 

Ho meiner faget og erfaringa med å starte ein studentbedrift senkar terskelen for å tenke at ein kan starte noko sjølv. 

Del på