Breitt spekter av produksjonar på kunstnaropphald

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kunstnarane som kjem til Volda får tid, rom og rettleiing til å utvikle produksjonane sine gjennom vekesopphald hjå Seanse. Dei fleste av sjangrane er representert; teater, dans, musikk, visuell-kunst, foto-verkstad, litteratur og scenekunst.

Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, nærmar seg 700 kunstnarar som har vore på kunstnaropphald sidan 2004, så dette er eit attraktivt tilbod. Kunstnarar innan alle sjanger og uttrykk kan søkje, og senteret tek imot prosjekt i ulike stadium av utvikling, frå idé til post-produksjon. På opphald hjå Seanse får kunstnarane høve til å utforske, diskutere, utvikle og prøve ut prosjekta sine for andre. Den tverrkunstnariske samansetninga er eit unikt tilbod, og det einaste av sitt slag i Norge.

Tilbakemeldingar

Gjennom opphaldet får kunstnarane dele arbeidet sitt gjennom ulike fora og ein får tilbakemelding frå dyktige og kompetente rettleiarar, men også frå eit kunstnarkollegium som sit på sine eigne erfaringar, tankar og kompetanse. Føremålet er også å få vist og styrka det kunst– og barnefaglege aspektet til kunstproduksjonane før turnear på scener og arenaer rundt om i Norge. I år har Seanse 38 prosjekt med til saman 77 kunstnarar involvert i dei fire vekene med kunstnaropphald. Seanse sitt hovudmål er å vere ein konstruktiv støttespelar til kvalitetsproduksjonar, kompetanseutvikling og nyskaping i kunst for og med barn, unge og andre. I år vart det gjeve ei særleg oppfordring om å sende søknader knytt til digitale produksjonar, for eksempel innan e-sport/gaming, og kunstproduksjonar retta mot barn og unge med spesielle behov.

Lokes barn
Prosjektet Lokes Barn har ein del av kunstnaropphaldet.

Følg Seanse på Facebook og Instagram.

350 produksjonar

Seanses hovudverksemd er å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge, og har sidan 2004 hatt over 350 produksjonar fra alle sjangrar og landsdelar på kunstnaropphald. Seanse dekker reise og opphald, samt honorar for kunstnarar under opphaldet, og det gis kunst- og barnefagleg rettleiing fra Seanses sin stab i Volda. Det er også mogleg med rettleiing fra andre erfarne faglege mentorer innanfor andre fagområde Høgskulen i Volda tilbyr ved behov. Om du gjekk glipp av årets søknadsrunde vil Seanse utlyse nytt opphald til neste år, så hold deg oppdatert gjennom deira nettside og sosiale kanalar. www.seanse.no

Etter mange år med ulike veker har kunstnaropphaldet no fått faste veker, slik at det skal være enkelt å koordinere for Høgskulen i Volda og kunstnarar. Dei faste vekene er no veke 24,25,42 & 43.

Seanse
Prosjektet Bare en selfie var ein del av kunstnaropphaldet i sommar.

Ønsker meir nynorsk

Utan om dei vanlege vekene har Seanse fått eit ekstra ekstern oppdrag i veke 32 på vegne av Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa med namn «Meir nynorsk i DKS!».  

– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer vi å endre på! Norske elevar fortener at vi legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at vi har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken.

Vidare seiar artikkelen at «Seanse er ein unik kunstproduksjonsarena som kombinerer opphald, kunstnarisk og pedagogisk rettleiing og testvisning. Prosjekta får med dette opphaldet eit skreddarsydd opplegg som både er individuelt og kollektivt, med moglegheit til å knytte band og nettverk til andre som driv med nynorsk i sine produksjonar.»

Av over 80 produksjonar har sju heldige fått plass på opphald. For å lese meir om dei utvalde kan ein gå hit. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2021/sju-gullbillettar-til-nynorsken/

Del på