Nesten 900 på Utdanningsdagane

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Sidan dei første Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) for første gong vart arrangert i 2010, har tusenvis av avgangselevar ved vidaregåande skular på Søre Sunnmøre og Nordfjord vore innom høgskulen for å få informasjon om studietilboda ved høgskulen. I år er nær 900 elevar frå 13 skular i regionen påmelde.

Rektor
– Utdanningsdagane har som føremål å gjere deg betre kjent med høgare utdanning i Møre og Romsdal, sa rektor Johann Roppen.

– Om fire månader, den 15. april 2022, er det frist for å søke opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak. Det å velje ei utdanning er eit viktig val. Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda har som føremål å gjere deg betre kjent med høgare utdanning i Møre og Romsdal. I tillegg vil vi gje deg eit innblikk i HVO-studentane sin studiekvardag og korleis det er å vere student i Volda, sa rektor Johann Roppen i helsinga si under opninga.

16 postar

Etter opninga kunne dei tilreisande elevane gå til dei ulike postane på campus der studentar og tilsette orienterte om dei ulike utdanningane ved HVO.  Det vart registrert størst interesse postane for helse- og sosialfag, media, idrett og friluftsliv og grunnskulelærarutdanning.

Studietilboda ved Høgskulen i Volda.

Grunnskulelærarutdanning

Alida Bruland og Ane Tenden Nesje er elevar ved Stryn vidaregåande skule. Begge er interesserte i grunnskulelærarutdanninga.

– Eg synest det er gjevande å bety noko for andre, å vere ein viktig person i et anna menneske sitt liv. Sjølv har eg hatt lærarar i grunnskulen som har betydd svært mykje for meg, seier Ane Tenden Nesje.

Alida Bruland fortel at ho har eit brennande engasjement for barn og unge som ikkje har dei moglegheitene vi har her i Noreg.

– Etter ei lærarutdanning kan eg godt tenke meg å arbeide som lærar i eit utviklingsland, seier ho.

Alida Bruland og Ane Tenden Nesje er elevar ved Stryn vidaregåande skule.

Nytt mediehus

I år kunne dei kjende medieutdanningane i Volda ta i mot elevar i det nye mediebygget ved høgskulen, Sivert Aarflot-huset.

Sivert Aarflot-huset
Sivert Aarflot-huset.

Bygget, som har fått ein flott og særeigne arkitektur, inneheld fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «framtidslab», møterom, grupperom, redaksjonslokale og arbeidsplassar for studentar og tilsette. 

I Sivert Aarflot-huset er bachelorutdanningane i animasjon, journalistikk, medieproduksjon, PR, kommunikasjon og media og Master in Media Practices no samla under eitt tak.

Del på