Draumekonserten 2017

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Som i fjor vil Sunnmøre kammermusikkfestival, Ungdomssymfoniorkesteret ved kulturskulane i Ørsta og Volda samarbeide med UNOF (De Unges Orkesterforbund) og Dextra Musica om ein «draumekonsert» i Volda søndag 3. september kl. 18.00 i kantina i Berte Kanutte-huset.

Draumekonsert_620.jpgFrå konserten i 2016.

Wolfgang Plagge skal vere konfransier.  Plagge er ein populær foredragshaldar, og hans breie kunnskap og uhøgtidlege stil har gjort han til ein gjengangar i radio og tv, blant anna i serien «Landeplage» på NRK.

Plagge er tilsett som professor ved Norges musikkhøgskole. Han vart kjent som vidunderbarn då han vann Ungdommens Pianomesterskap 11 år gamal og debuterte som pianist året etter. Som komponist har han komponert meir enn 130 verk. Hovuddelen av desse er klaver- og kammermusikk. Wolfgang Plagge sine verk blir framførte av orkester, solistar og ensemble over heile verda.
 
Andre orkester og musikararar som deltek er Havella frå Herøy, Ytre strøk frå Ulsteinvik og Hareid, Indre strøk frå Ålesund, Strykekvartetten Alegrar frå Barratt Dues musikkinstitutt og Con Moto frå Volda.

80c00bc0c1e012caa6a5f98a895e51e8

Lenke til Sunnmøre kammermusikfestival 2017

Del på