Nyhende

  • Thumbnail

    Suksess med kjeldesortering på biblioteket

    Publisert

    I den mest hektiske eksamens- og oppgåveperioda sette høgskulebiblioteket opp kjeldesorteringsstasjon for å hjelpe studentane. – Det er definitivt eit behov for studentane våre, dette er noko vi vil vidareføre, seier bibliotekleiar Mona Iren Auganæs.

  • Thumbnail

    Her er det nye styret i Studentparlamentet

    Publisert

    Studentparlamentet har valt Trym Nikolas Rimmen som leiar for det neste året. Han får med seg Paloma Lorenzale Alonso, Erlend Ausland Rossen, Mathilde Gaalaas-Berg og David Bernatek i styret.

  • Thumbnail

    Lærerik studietur til Amsterdam og Brüssel

    Publisert

    Innblikk i den nederlandske skulen, ny kunnskap om EU og EØS, Brexit og byplanlegging i Amsterdam var noko av det lærarane ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag fekk med seg frå studieturen til den nederlandske hovudstaden og Brüssel.

  • Thumbnail

    Basen på Yksnøya 40 år

    Publisert

    – Basen for natur, kultur og friluftsliv på Yksnøya er Høgskulen i Volda sitt vakraste klasserom, sa dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag då høgskulen feira at friluftslivbasen på Yksnøya er 40 år.

  • Thumbnail

    Nye styremedlemmar klare

    Publisert

    Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nye styremedlemmar for Høgskulen i Volda. Også val av tilsettrepresentantar for høgskulestyret er klart.

  • Thumbnail

    Ledige vidareutdanningar for lærarar

    Publisert

    Høgskulen i Volda legg no ut ledige plassar utan støtte frå UDIR i strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). Høgskulen har frå hausten 2019 ledige plassar på 11 av tilboda – det er fyrste mann til mølla fram til kursa er fullteikna.

  • Thumbnail

    Symjehall-rapporten

    Publisert

    Då symjehallen i Volda vart stengd 13. mai, var det på bakgrunn av resultata frå ein ny rapport, utført av firmaet Rambøll på oppdrag av Statsbygg og Volda Kommune.

  • Thumbnail

    Meir naturfag og matematikk i barnehagen

    Publisert

    Den siste av seks samlingar i kurset vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen, NAMABHG, var i år lokalisert på Yksnøya. Dette kurset er ein del i Utdanningsdirektoratet si realfaglege satsing for auka kompetanse og kvalitet i barnehagen. På denne samlinga var det fokus på naturfaglege og matematiske aktivitetar med friluftsliv og utekjøkken som læringarenaer.