Nyhende

  • LJH 22 Loen

    Fjordkonferansen 2022

    Publisert

    Fjordkonferansen er ein årleg konferanse der forskarar frå Vestland og Møre og Romsdal deler resultat av forsking på ulike emne. Tema for årets konferanse i Loen 16. – 17. juni var «nyskaping». Målet var å stimulere til ein fruktbar debatt om korleis dette omgrepet gjer seg gjeldande innanfor og på tvers av ulike fagfelt.

  • Cost connect 2

    Forskarsamarbeid og det grøne skiftet

    Publisert

    I 2021 lanserte EU-kommisjonen «New European Bauhaus (NEB) Initiative», eit prosjekt kopla til det europeiske grøne skiftet og arbeidet med å nå FN sine bærekraftmål. I juni var ei rekkje forskarar, politikarar og arkitektar samla i Brussel for å diskutere arbeidet for å nå måla om berekraftige lokalsamfunn. Frå Høgskulen i Volda deltok professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag.

  • Kr sund

    Fire mill. til studietilbod i Kristiansund

    Publisert

    Høgskulen i Volda (HVO) har fått midlar frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til planlegging og drift av Praktisk-pedagogisk utdanning i Kristiansund. HVO har også fått midlar til å planlegge ei desentralisert grunnskulelærarutdanning på same stad. I begge prosjekta samarbeider høgskulen tett med Campus Kristiansund.

  • Løvoll

    HVO-forskarar på konferanse om helse og livskvalitet

    Publisert

    Sju forskarar frå Høgskulen i Volda tok del i konferansane «Creating a world we want to live in» og «Health and wellbeing for all – heading for the future» i Reykjavik 28. juni til 2. juli. Tvillingkonferansane vart arrangerte av den nordiske folkehelsekonferansen (NPHC) og den europeiske konferansen i positiv psykologi (ECPP).

  • Miljørapporten for 2021 er klar

    Publisert

    Klima- og miljørapporten for Høgskulen i Volda (HVO) for 2021 er klar. Den viser lågare drivstoffbruk og meir tilrettelegging for sykkelbruk, men auke i oppvarma areal. 

  • JOM bok

    Historia til den svenske barneheimen i Spania

    Publisert

    Saman med Alan Swan og Àngel Beneito har professor emeritus Jon Olav Myklebust skrive bok om om den svenske barneheimen i Dénia, mellom Alicante og Valencia, under den spanske borgarkrigen (1936 – 39).

  • Sivert Aarflot-huset

    I finaleheat om prestisjefull senterstatus

    Publisert

    I knallhard konkurranse med kandidater fra andre universitet og høyskoler i landet, er Høgskulen i Voldas prosjekt «Journalism, Innovation, Media Law and Practice» (JIMP) med i finalen om å få status som Senter for framifrå utdanning (SFU).