Kulturfag

  • Juleframsyning

    Publisert

    Det er ei stor glede for førsteårsstudentane ved dramautdanninga å invitere inn til juleframsyning måndag 09.12 og tysdag 10.12 i teatersalen i Kaarstad-huset kl. 18. Alle små, og alle som ein gong har vore små og gledd seg til jul, er hjarteleg velkomne.

  • Entreprenørskap i undervisninga

    Publisert

    - Pedagogisk entreprenørskap kan vere ein metode for meir kreativitet og nyskaping innanfor alle fag, meiner Janne Heggvoll, høgskulelektor ved Seksjon for kunst og handverk. No har ho søkt og fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til å lage kurs for lærarar i ungdoms- og vidaregåande skular.

  • Opa førelesing med Lars Tuastad

    Publisert

    I samband med masteremnet «Å skape meining», eit emne i mastergraden «Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering», blir det ei opa førelesing onsdag 6. november med musikkterapeut og doktorstipendiat ved Griegakademiet Lars Tuastad. Dagen før held han konsert på Rokken med bandet «Me and THE BAND`its».

  • Aarset med ny utgåve av Symra

    Publisert

    150 år etter at Ivar Aasen gav ut diktsamlinga Symra, har professor Terje Aarset ved Høgskulen i Volda laga ei ny utgåve. I tillegg til dei opphavlege dikta er det ei rekkje tekstar i den nye utgåva som kastar lys over Symra som litteratur.

  • Basen på Yksnøya ferdig utbygd

    Publisert

    I sommar vart Høgskulen i Volda sin base for idrett og friluftsliv på Yksnøya ferdig utbygd. – Dette er ein viktig milepæl for oss. Basen er no komplett med naust, seminarrom og personalrom, flytebrygger, leirområde med uthus og vassforsyning, seier seksjonsleiar ved idrett og friluftsliv Nils Ola Skuset.

  • "Det var en gang en kreft"

    Publisert

    Tidlegare bachelorstudentar ved drama og teater er aktuelle med teaterstykke på Papirhuset i Tønsberg.

  • Velkomstfrukost på kulturfag

    Publisert

    ─ Høgskulen i Volda går motstrøms og satsar på kulturfag, sa dekan Aud Folkestad på den årlege velkomstfrukosten.

  • Varm velkomst til nye faglærarstudentar

    Publisert

    Det nye faglærarstudiet i kunst og handverk ved Høgskulen i Volda vart opna med verdig seremoni tysdag. Dekan ved Avdeling for kulturfag Aud Folkestad heldt opningstalen der ho framheva betydinga av sterk fagkompetanse innan kunst- og handverksfaget i den norske skulen.

  • Professor Inger Marie Okkenhaug med ny bok

    Publisert

    Professor Inger Marie Okkenhaug ved Høgskulen i Volda er ein av redaktørane bak antologien «Transnational and Historical Perspectives on Global Health, Welfare and Humanitarianism».