Varm velkomst til nye faglærarstudentar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Det har vore stor interesse for den nye utdanninga, og vi har gitt studieplass til 21 studentar, seier studieprogramansvarleg Karen Brænne.

dfe1a908e8cd6ceb759f72ee66ba916f29df03a7

Det første kullet ved det nye faglærarstudiet i kunst og handverk.

Dei fagleg tilsette ved Seksjon for Formgiving, kunst og handverk ser fram til å starte undervisninga.  Dei fortel at studentane ved den nye faglærarutdanninga har sjeldan gode kvalifikasjonar. Fleire har høg kunstfagleg utdanning frå før, men manglar den fagdidaktiske og pedagogiske kunnskapen.

4453f4257bb915619d337fae7f9e4e27330a5b44

Dei siste vekene har dei tilsette ved seksjonen gjeve verkstadslokala eit visuelt løft. Flotte sommarblomar og frukt i alle fargar pryda dei nypussa roma då studentane kom i går.

8af671f783eb397ede16763fa25feb58b2baf29f

– Vi veit at omgjevnadane påverkar trivselen og kjensla av å føle seg velkomen, understrekar seksjonsleiar Britt Loven Ølnes.

Del på