Spørjeundersøking om koronasituasjonen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda sender i dag ut ei spørjeundersøking til alle studentane ved høgskulen. – Føremålet er å få eit bilete av korleis studentane opplever studiesituasjonen sin etter 12. mars, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Den 12. mars vart høgskuleområdet fysisk stengt for studentar og tilsette. All undervising og rettleiing vart flytta over på digitale plattformer.

– Vi er inne i ei krevjande tid. Ting har skjedd fort og uventa. Alle måtte plutseleg studere heimanfrå, om det no var heime hjå familie eller åleine på ein hybel. Dette har sjølvsagt konsekvensar som treff kvar og ein av oss ulikt. For nokre har det ført til ein vesentleg verre studiesituasjon, for andre har det ført til ein betre studiesituasjon, seier prorektor Mjellem Tonheim.

Kriseleiinga vonar at spørjeundersøkinga som no vert sendt ut på e-post kan gje eit innblikk i korleis studentane opplever ulike sider ved studiesituasjonen, informasjon og motivasjon.  

– Ved å svare på denne spørjeundersøkinga bidreg du til å hjelpe alle oss tilsette på høgskulen å legge betre til rette for deg i det vidare arbeidet med studia dine, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

 

Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Del på