Høgtidsmarkering: vanskeleg, men viktig

Tekst: , Foto: Daniela Elvebakk Mala

- Oppdatert

Skal barnehagar markere høgtider? Og kvar går grensa mellom forkynning og informasjon? Høgskulen i Volda arrangerte fagdag for barnehagetilsette og barnehagelærarstudentar for å drøfte nettopp dette. 

I rammeplanen for barnehagar står det at høgtider skal markerast. Fagleg ansvarleg, høgskulelektor Jostein Garcia de Presno, seier det i hovudsak er to årsaker til kvifor mange barnehagar likevel vel å ikkje markere så mange høgtider.   

– For det fyrste opplevast arbeidet med etikk, religion og filosofi, og særleg høgtidsmarkeringar, som svært krevjande og vanskeleg. Den andre årsaka er at det er vanskeleg å få til godt foreldresamarbeid med språklege og kulturelle barrierar.   

Unikt for Noreg 

Ifølgje de Presno, er Noreg i ein nesten heilt unik posisjon sidan norske barnehagar er pålagt å markere høgtider. I rammeplanen står det at barna “skal få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk tradisjon, og bli kjend med religionar og livssyn som er representerte i barnehagen”.  de Presno meiner høgtidsmarkering derfor kan sjåast som eit middel for å skape rom og arenaer for samtalar om andre religionar og livssyn. Samstundes skjønner han at mange nordmenn synest det er vanskeleg med høgtidsmarkeringar.

I Noreg har vi noko som nesten er på grensa til religionsfobi. Ikkje at vi er redd for religion, men vi er ofte redd for å snakke om religion i det offentlege rom. Det er ikkje der det høyrer heime.  

de Presno

I tillegg kjem utfordringa med å vite kva som er forkynning og kva som er markering.  

– Eg fortel til mine studentar at markering er formidling, då formidlar du informasjon om ein høgtid, medan feiring er innanfrå. Dette er vår høgtid som vi feirar, fortel de Presno.   

Eit anna godt råd, ifølgje de Presno, er å ikkje gjere høgtider meir eksotiske enn dei er. 

Korleis ein barnehage vel å markere høgtider vil likevel verte påverka av foreldra.

– Nokon foreldre vil ikkje at høgtider skal markerast i barnehagen, men undersøkingar viser at mange foreldre faktisk synes det er praktisk at dei offentlege institusjonane tek seg av den religiøse oppsedinga. Då slepp foreldra å gjere den vanskelege jobben sjølv, fortel de Presno.   

Innblikk i ulike høgtider   

de Presno hadde med seg fleire bidragsytarar på fagdagen, blant anna dei tidlegare Volda-studentane Nissa Mahaladelnumy og Saeed Mahmood, som snakka om muslimske og hinduistiske høgtider. Dei ga deltakarane konkrete tips til korleis barnehagane kan markere nokon av dei største muslimske og hinduistiske høgtidene.

Nissa Mahaladelnumy viser fram ein sari, ein tradisjonell klesdrakt frå Sør-Asia
Nissa Mahaladelnumy viser fram ein sari, ein tradisjonell klesdrakt frå Sør-Asia.

Mahaladelnumy drog fram Sol-takkefesten Thaipongal som ei passande hinduistisk høgtid som barnehagar kan markere.

– Då koker vi graut ute, for det er jo der den er, og det er den vi skal takke. Det kan ein fint gjere i barnehagane òg, fortel Mahaladelnumy.  

Nyttig påfyll  

Rigmor Anett Hoggen er ein av dei pedagogiske leiarane på småbarnsavdelinga i Læringsverkstedet barnehage. Ho synes fagdagen har vore veldig nyttig.  

– Det er eit veldig spennande tema, og vi slit ofte med å vite akkurat kor djupt inn i ting vi skal gå. Det er derfor veldig kjekt å høyre kva andre tenkjer, og å få tips til korleis vi kan markere høgtider. Òg religiøse høgtider som vi ikkje har representert i vår eigen barnehage.   

Hoggen hadde med seg praksisstudent Mari Kvien Håskjold. Ho synes det er viktig å drøfte korleis ein kan formidle høgtider utan å forkynne.  

– Dette er noko vi aldri får nok kunnskap om. Vi må ha eit bevisst forhold til religion og høgtider, og korleis vi skal handtere det.   

Viktig å markere høgtider

de Presno håpar at fleire barnehagar vil markere fleire høgtider etter fagdagen. Målet han hadde med dagen var å vise at å markere høgtider er gøy og overkommeleg. Han meiner nemleg det er to særs gode grunnar for å faktisk markere høgtider i barnehagar.

– Den første grunnen er det eine barnet som vert sett. Den andre er dei andre barna som får oppleve noko unikt og får opna auga sine for eit kulturelt og religiøst mangfald som finst i deira barnehage.   

Del på