Historisk institutt på ekskursjon til Edinburgh
Historisk institutt var på ekskursjon til Edinburg i veke 41. Føremålet med besøket var først og fremst å sette seg inn i, og etablere kontaktar for studentutveksling med fagmiljø i Skottland for studentar som tek mastergraden i kulturmøte ved HVO. Men det vart òg lagt planar for samarbeid om det strategiske høgskuleprosjektet "Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder".
Fagstaben hadde omvisingar og orienteringar ved det skotske nasjonalarkivet og nasjonalbiblioteket, og fekk førelesing om kontakten mellom Noreg og nordvest-Skottland i vikingtida.
To av lærarane hadde innlegg på det faste instituttseminaret, Scottish History Seminar, ved School of History, Classics and Archaeology, University of Edinburgh, onsdag 10. oktober.
Professor Atle Døssland greier ut om korleis ein kan studere parton-klientrelasjonar i Noreg på 1700-talet.
Foto: Grete M. Brøste.
Professor Atle Døssland la fram paperet: "An approach to the study of patron-client relations in 18th century Norway". Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland supplerte dette, og professor Tom Devine ved School of History, Classics and Archaeology kommenterte problemstillingane.
Utanom dei tilsette ved Historisk institutt deltok førsteamanuensis Birger Løvlie, som er aktivt med både på masterprogrammet i kulturmøte og SHP-en, i aktivitetane.