Stor interesse for skuleleiarkonferansen «Trygg skole»

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Ole Frank Bakken er svært nøgd med interessa for konferansen.

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er initiativtakar til ein nasjonal konferanse for skuleleiarar i Ålesund i april 2018. Eit sentralt tema på konferansen er trygge og gode læringsmilø i skulen. – Om lag 200 skuleleiarar frå heile landet kjem til konferansen. Det er vi svært nøgde med, seier Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Konferansen har blitt til i eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Skuleleiarforbundet, Utdanningsforbundet, Kommunenes Sentralforbund (KS), fylkesmannen og fylkeskommunen i Møre og Romsdal.

Rådgjevar Ole Frank Bakken rosar samarbeidet i arrangørgruppa og seier at arbeidet med denne konferanse har vore ei god erfaring.

– Det at vi har ulik ståstadar inn mot skule har gjort at vi utfyller kvarandre, ser viktige tema frå ulike sider og finn konsensus i innhald og tema for konferansen. Drøftingane har hatt breidde og djupn og gitt inspirasjon til vidare samarbeid, seier Bakken.

Trygg skule

Konferansen rettar seg inn mot skuleleiarar, og set skuleleiing og trygg skule på dagsorden i ei tid der samfunnet lokalt og Europa er prega av endring og motsetnader. I Opplæringslova sin § 9A står det:  «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.»

– Vi ønskjer mellom anne å sette fokus på korleis skuleleiinga kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Under paraplyen «trygg skule» får vi innlegg frå høgt kompetent hald om mobbing, nettproblematikk, psykisk helse, læringsmiljø og skuleleiaren sitt ansvar, seier Bakken som legg til at også nettverksbygging og sosialt samkvem er ein viktig del av konferansen.

 

Europa i endring

Kjell Magne Bondevik opnar konferansen med «Skoleledelse med Europa i endring». Bondevik er grunnleggar og leiar ved Oslosenteret. Han var Norges statsminister i periodane 1997-2000 og 2001-2005. Han har også vore utanriksminister og kyrkje- og undervisningsminister.

Tema som Bondevik vil kome inn på er dei politiske endringane i Europa dei siste åra, murens og jernteppets fall, samling i Europa, utfordringar frå store immigrasjonsbølgjer og tendensen til autoritære leiarar og innstramming av demokratiet i nokre land. Vidare vil han sjå på kva dette har å seie for opplæring av barn og unge i dag, menneskerettar og menneskeverd. Han vil også dele nokre tankar om utfordringar knytt til sosiale medium og kampen mot mobbing.

Ålesund

– At konferansen er lagt til Ålesund er også eit viktig poeng. Vi ønskjer å skape ein arena for skuleleiarar mellom Bergen og Trondheim. Det har vore sakna. Så ynskjer vi å løfte fram ein region som på mange måtar er eit naturleg tyngdepunkt mellom Bergen og Trondheim, seier Bakken.

Over 100 deltakarar kjem kvelden før for å få med seg ei byvandring med Harald Grytten og middag på Parken hotell.

– Det å skape rom for å dele erfaringar, etablere nye kontaktar og gje skuleleiarar inspirasjon til nye måtar å gjere eigen skule trygg, er noko av det vi vil oppnå med denne konferansen. Her skal skuleleiarane få lene seg tilbake, lytte og reflektere, avsluttar rådgjevar Ole Frank Bakken.

Del på