Spire til meir samarbeid

Text: Per Straume

- Oppdatert

Sjustjerna Helse og omsorg, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda arrangerte fagdag i geriatri for helsepersonell 25. og 26. januar, med kring 140 deltakarar frå Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Fagdagen, med undertittel "Personsentrert omsorg, samtykkevurdering og underernæring i demensomsorga" er ein av fleire fagdagar som spring ut av samarbeidet mellom høgskulen, helseforetaket og dei sju kommunane i Sjustjernasamarbeidet.

Katrine Fiskå (f.v.), Stian Endresen og Gro Anette Frøystad

Katrine Fiskå frå Spjelkavik omsorgssenter (f.v.), Stian Endresen frå Helse Møre og Romsdal og Gro Anette Frøystad Voldsund frå Sjustjerna helse og omsorg var godt nøgde med oppslutninga om dei to fagdagane.

Hovudmålsettinga for fagdagen var å styrke kompetansen om personsentrert demensomsorg, kommunikasjon og utfordrande adferd.

Fagdagen tek også føre seg andre utfordringar helsepersonell møter i samhandlinga med menneske med demenssjukdom, som vurdering av samtykkekompetanse og underernæring.

Høgskulen i Volda var representert med presentasjon av høgskulelektor og jurist Egil Arne Standal som tok føre seg temaet samtykkevurdering i demensomsorga. Førsteamanuensis ved Høgskulen i Molde Anne Marie Rogstad hadde hovudtemaet om personsentrert demensomsorg. Avdelingssjukepleiar ved Spjelkavik omsorgssenter Katrine Fiskå snakka om underernæring hjå dei med demens. I tillegg til faglege bidrag er høgskulen også teknisk arrangør for fagdagane.

– Serien av fagdagar i samarbeid med Helse Møre og Romsdal og Sjustjerna helse og omsorg har vore svært vellukka så langt sett frå høgskulen sin ståstad. Tilbakemeldingane frå samarbeidspartane våre har også vore gode og ny fagdag i april innanfor psykiatrifeltet er under planlegging. I tillegg til sjølve fagdagane satsar partane også på meir forpliktande samarbeid innanfor etter- og vidareutdanning, samt forsking og utvikling, seier seniorrådgjevar ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord.  

Tafjord fortel at styresmaktene sin nye strategi for innovasjon i offentleg sektor, kombinert med fylket sin eigen strategi for forsking og innovasjon i kommunane, vil kunne styrke fokus og resultat på innovasjon i kommunal sektor i åra som kjem.

Del på