Rosar tverrfagleg arbeid

Tekst:

- Oppdatert

Vigdis Bunkholdt, ein nestor i barnevernsarbeid, trekk fram Høgskulen i Volda som eit godt døme på korleis ein kan arbeide med temaet omsorg for barn på tvers av ulike utdanningar og profesjonar.

Denne veka var drygt 300 studentar frå fire ulike utdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO); barnevernspedagog, sosionom, barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning, samla til SOM-seminar (saman om omsorg for barn). Gjennom fire dagar fekk dei ulike perspektiv på korleis ein skal ta hand om og vere med på å hjelpe barn som opplever utfordringar i livet.

Vigdis Bunkholdt har vore sjefpsykolog ved Universitetet i Bergen og dåverande Oslo Helseråds avdeling for barne- og ungdomspsykiatri. Ho har lang erfaring med barnevernssaker og har gjesta SOM-seminaret i fleire år. Denne veka snakka ho til studentane om korleis ein kan oppdage omsorgssvikt hos barn, og om årsakar til og teikn på det.

Trur på fellesundervisning

Ho rosar måten HVO tenkjer tverrfagleg når dei går gjennom temaet med studentane.

– At Høgskulen i Volda får til eit sopass omfattande seminar over fire dagar der framtidige lærarar i barnehage og skule og barnevernsarbeidarar og sosionomar samlast er av veldig stor betyding. Vi veit at det kan vere vanskelig å få til samarbeid på tvers av profesjonane ute i arbeidslivet, difor er det spesielt viktig at det blir tatt tak i under studia, seier Bunkholdt.

– Det bør ikkje vere slik at kvar utdanning er lukka om seg sjølv og ikkje ser at ein har samanfallande interesser med andre utdanningar. Jo tidlegare ein deler kunnskap og forståing, jo enklare er det å drive skikkelig samarbeid. Eg trur fellesundervising som studentane har fått under dette seminaret er vegen å gå, held Bunkholdt fram.

Dyktige praktikarar

SOM-seminaret har eksistert sidan starten på 90-talet. Det har ikkje alltid hatt det same innhaldet, men bestandig hatt barn som fokusområde.

– Vi har henta inn dyktige praktikarar som kan fortelje noko om korleis det er korleis ein bør arbeide med familiar som sliter. Frå skulefeltet hentar vi til dømes inn praktikarar som ikkje står og pratar om didaktikk og anna skuleteori, men som tek for seg samarbeid med familie og korleis ein i som lærar skal snakke med foreldra, fortel Ann-Iren Høgalmen, høgskulelektor i sosialt arbeid ved HVO.

– Målet er studentane skal kjenne til kvarandre sitt fagfelt. Ein sosionom skal til dømes forstå relevansen av å vite kva rolle ein barnehagelærar har, seier Randi Myklebust, koordinator for pedagogikk i grunnskulelærarutdanninga.

Studentar under SOM-seminar

Relasjonskompetanse

Dei to, saman med fleire andre frå sine institutt, institutt for sosialfag og institutt for pedagogikk, står bak det omfattande SOM-seminaret.

Begge snakkar om relasjonskompetanse som viktig for å lukkast med arbeidet med barn som har behov for litt ekstra hjelp.

– Det har vore ein sentral del av seminaret. Vigdis Bunkholdt snakka mykje om utviklingspsykologi, jus har vore eit anna viktig tema, og også det med skjønn og dømmekraft. Ein må vite kvifor ein handlar som ein gjer i ulike situasjonar og om det er rett, seier Høgalmen, før Myklebust held fram:

– Vi drar vekslar på at vi har variert kompetanse ved høgskulen. Det har vore eit spenstig, relevant og vellukka arrangement. Sett frå lærarutdanninga si side, blir sosionom- og barnevernsutdanninga veldig interessant når ein klarer å samarbeide på denne måten.

Studentane vart utfordra

Torsdag fekk studentane prøve ut i praksis å ha kjennskap til andre profesjonar og deira arbeidsfelt og retningslinjer. Då vart studentane, som stort sett alle er inne i sitt fjerde semester, delt inn i grupper på tvers av utdanningane og fekk utdelt eit case.

– Dei fekk arbeide med komplekse situasjonar og prøve å forstå handlingsrommet og ansvaret til kvarandre. Undervegs fekk dei rettleiing og avslutningsvis skulle dei skrive ei bekymringsmelding. Ei gruppe frå kvar av dei tre oppgåvene som vart gitt presenterte oppgåva i plenum og vi fekk ein diskusjon som er nyttig i etterkant, fortel Myklebust.

Del på