Nytt masteremne i fagfeltet mikrohistorie

Text: Per Arne Brandal , Photo: Den industrielle revulosjonen fekk konsekvensar på mange plan.

- Oppdatert

– Mikrohistorie er eigentleg eit perspektiv eller ei tilnærming til fortida. Det kan vere i form av ei djuptpløyande undersøking av eit relativt klart definert mindre objekt; ei enkelthending, eit mindre lokalsamfunn eller ein enkeltperson. Feltet legg stor vekt på at aktørar i historia hadde eigenvilje til å handle og gjere sjølvstendige val, seier dosent Arnfinn Kjelland.

I mikrohistorie er ikkje menneska berre «kasteballar som berre måtte følgje med i historias malstraum», slik som til dømes husmenn har vore oppfatta som tvungne til å reise til industrien i byane eller emigrere fordi bygda hadde mekanisert jordbruket og ikkje lenger hadde behov for arbeidskrafta deira.

– På mikroplan ser ein eit meir variert bilete og meir komplekse samanhengar i mykje større grad, seier dosent Kjelland.

Bakgrunn

Kjelland fortel at kimen til det nye masteremnet ligg 10-12 år tilbake i tid då Forskingsrådet i 2007 engasjerte eit internasjonalt utval med norsklesande fagfolk, det vil seie svenskar, danskar og finnar, til å evaluere historiefaget i Noreg.

– Dei konkluderte rimeleg positivt. Det vart i følgje utvalet skrive mykje god historie, og lokalhistorie fekk brei dekning. Men dei påpeikte òg at sjangerbindingane var sterke; framstillingane var i stor grad utforma over same lesten. Dei etterlyste djupare analysar, «akademisk sekundærraffinering» og peikte på at eit mikroperspektiv hadde vakse fram internasjonalt, men såg ut til å vere heilt fråverande i Noreg.

– Historisk institutt fann i fjor ut at vi ville lage eit eige, ope, valbart emne i feltet som vi no lyser ut nasjonalt. Faglærarar her i Volda som er knytt til emnet er Dag Hundstad, Harald Krøvel, Ola Teige og meg, seier Kjelland.

Forskingsgruppe

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie er ein i ferd med å opprette ei eiga forskingsgruppe innan feltet. Mikrohistorie er altså ei tilnærming eller eit perspektiv som kan nyttast på dei aller fleste historiske tema og periodar.

– Vi arbeider derfor med å verve også andre ved HVO og eksterne forskarar omkring ei slik gruppe og organisere ei samling kombinert med første samlingsveke i KUM309 (veke 36). Da vil òg studentane få høve til å følgje og delta i diskusjonane i forskargruppa. Det første målet til gruppa er å gje ut ein antologi med artiklar om faget, og vi har alt tilsegn om fleire bidrag, avsluttar Kjelland.

Lenke til studieomtale.

 

 

Dosent Arnfinn Kjelland.

Dosent Arnfinn Kjelland.

 

 

Del på