Korleis lære barn i skulen å kode?

Tekst:

- Oppdatert

Det kan lærarar i grunnskulen få kunnskap om gjennom eit nytt nettbasert emne ved Høgskulen i Volda – Koding i skulen – som startar opp i månadsskiftet januar/februar 2018.

– Vi vil at forståing for koding og teknologi skal inn i læreplanane allereie frå barneskulen. Med denne strategien peikar vi inn i eit nytt tiår for norsk skule, sa statsminister Erna Solberg, då regjeringa la frem ein ny digital strategi for grunnskulen og vidaregåande opplæring i august 2017.

Møter behov

Ifølge Torbjørn Frantsen, høgskulelærar ved Høgskulen i Volda, har fleire land i verda innført koding i læreplanane dei siste åra.

– I ungdomsskulen i Noreg er koding frå i år av eit valfag som alle skular kan tilby, og politikarane ønsker koding og teknologiforståing meir inn i skulen. Det er mykje av grunnen til av vi no tilbyr emnet Koding i skulen – for å møte eit behov for framtida, seier Frantsen.

I Ulstein kommune skal alle lærarane i grunnskulen lære seg koding, og får hjelp av dette frå Høgskulen i Volda. Sjå reportasje om dette frå NRK Dagsrevyen onsdag 13. desember her.

Forståing og pedagogikk

I emnet som tel 15 studiepoeng får ein møte koding på ulike måtar. Det kan til dømes vere gjennom blokkbasert programmering, ein visuell form for programmering, eller grunnleggande algoritmisk tenking, det vil seie å forstå korleis datamaskina tenker. Dette er tema ein i studiet vil jobbe med både utanfor dei digitale flatene, men mest ved hjelp av digitale verktøy.

Når elevane skal lære seg koding, må også lærarane ha kunnskap til å forstå korleis teknologien er bygd opp. Dei som tek emnet vil også få innsikt i korleis ein kan integrere koding og programmering i ulike skulefag. Dei pedagogiske ferdigheitene vil vere sentrale.

Emneansvarleg Torbjørn Frantsen

Studentaktive arbeidsformer

Koding i skulen er eit nettstudium der ein legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåvene vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Emnet Koding i skulen er eitt av fem valfrie emne i Digital kompetanse i læring. For å ta emnet Koding i skulen må en ein søke om studieplass på Digital kompetanse i læring, og deretter velje Koding i skulen eller andre og fleire emne om ein ønsker det.

Del på