Høgskulen vertskap for storbandtreff

Tekst: Per Arne Brandal , Photo: MixMasters

- Oppdatert

For andre året på rad er musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda med på arrangere storbandtreff i Volda laurdag 21. april. Det vert både gateparade, utekonsert i sentrum og festkonsert i Kaarstad-huset.

– Vi har i fleire år arbeidd for å utvikle eit stimulerande miljø for blåsarar her ved musikkutdanninga i Volda, og desse storbandtreffa er ein lekk i dette arbeidet. Vidare har vi gjennom eit samarbeid med det regionale storbandet MixMasters i mange år gjeve studentane våre høve til å opptre med eit fullt storband, seier høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen.

Og det ser ut som at denne satsinga har vore vellukka. I år vil studentane sitt eige storband Heilt Blåst ta del i storbandtreffet.

– Vi er spesielt glade for å kunne presentere eit av våre eigne studentband. Dei starta opp for to år sidan. No er det på tide at folk utanfor studentmiljøet også får oppleve desse flinke studentane, seier Hunnes.

Dei andre banda som i tillegg til Heilt Blåst skal vere med på årets storbandtreff, er Ulstein Storband, Nordøyane Storband og MixMasters.

Storbandtreff 2018

Høgskulelektor Svein Hunnes (til høgre) saman med blåsarar frå MixMasters.

Program for laurdag 21. april

Kl. 1200: Gateparade frå Rokken. Alle banda.
Kl. 1300: Utekonsert. Musikkpaviljongen. Alle deltek.
Kl. 1900: Konsert. Alle storbanda. Konsertsalen,  Kaarstad-huset.

Tags

Del på