Studer helse og sosialfag i Volda

   

Studer sosialfag i Volda!

Ønskjer du å gjere ein forskjell i andre sine liv? Då er helse- og sosialfag noko for deg. Sosionom- og barnevernsutdanninga i Volda har vore særs populær i mange år. I fleire av studia er praksisdelen sentral, og i undervisninga knyter ein den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman med etiske utfordringar.

Her er eit utval helse- og sosialfaga vi tilbyr:

Sosialt arbeid - sosionom (bachelor)

Sosialt arbeid - barnevern (bachelor)

Helse- og sosialfag - helse og myndiggjering (master)

Helseledelse (master)

Gode grunnar til å studere Helse- og sosialfag i Volda

Praksis: Sentralt i barnevernspedagog - og sosionomutdanninga står obligatorisk klientretta praksis som er i 5.semester av studiet. Som student kan du velje om du vil søkje gjennomføring av klientretta praksistudie i Norge eller utland, i land som India, Tanzania, Kenya, Irland og Hellas. Les meir om det her.

Utveksling: For studentutveksling i 3. semester har vi samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Athen, Vermont, Minneapolis og på Hawaii i USA. Det er såleis høve til både utveksling eitt semester ved annan utdanningsinstitusjon og/eller ha praksisstudiet sitt utanlands.

Jobb etter utdanning: Utdanningane har eit breitt felt av arbeidsoglegheiter. Her kan du få jobb i alt frå NAV, kommunalt barnevern, institusjonar, rus og pyksisk helse, miljøarbeid i skulen til rehanilitering/habilitering med meir. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.