Unik fotosamling mellom to permar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Førstelektor Magnar Hjertenæs har gått gjennom 9 000 bilete tatt av fotografen Andreas A. Berge i arbeidet med boka «Horisonten til veggar og himmelen til tak».

Førstelektoren ved Høgskulen i Volda fekk aldri oppleve bestefaren, men vaks opp med atelieret og bileta hans på tunet i Herøy. Då atelieret vart rive på slutten av 60-talet, vart den omfangsrike samlinga hans flytta til eit eige rom i løa. Mor til Hjertenæs tok i alle år vare på samlinga og sørga for at bileta vart sikra for framtida.

Kulturskatt

Fotograf A. Berge tok totalt om lag 22.000 bilete frå han starta som fotograf i 1905 til ut på 1950-talet. Av desse eksisterer i dag om lag 9.000 bilete i form av glasplater, og desse er no skanna og digitalisert av Hjertenæs. Arbeidet tok til hausten 2012, men er i hovudsak gjennomført dei siste par åra. I boka som no er ute i handelen finn ein om lag 200 bilete frå samlinga.

Eg ville ta vare på bileta. Dei er ein kulturskatt for Herøy og for all kystkultur. Difor var det viktig for meg å sikre bileta for ettertida.

Magnar Hjertenæs

Perioden då A. Berge var aktiv fotograf var den tida då Herøy som samfunn vart forma.

– Fotograf A. Berge sine bilete illustrerer blant anna utviklinga av Fosnavåg sentrum frå å vere eit lite fiskevær i 1905 til å på 1950-talet vere eit blomstrande næringssenter med enorm aktivitet knytt til maritim næring, seier Hjertenæs. Bileta viser også utviklinga frå fiske med landnøter og opne båtar, til ei næring med moderne havgåande fiskebåtar.

Samlinga inneheld mange bilete av arbeidsfolk, båtar, hus, skuleklasser, konfirmasjonar, gravferder, familiar og mykje anna som fortel om korleis samfunnet var og utvikla seg i første halvdelen av 1900-talet.

– Bileta illustrerer mange sider ved dei sosiale tilhøva, vilkåra for folk flest, organiseringa av arbeidslivet, kjønnsrollemønsteret og om ein vil graden av klasseskilje i samfunnet. Til dømes ser ein tydeleg den viktige rolla kvinnene hadde i dette samfunnet. Alle veit at mennene var på sjøen og skaffa fisk og inntekter. Men verdiskapinga vart og i stor grad skapt av kvinnene som stod i land, tok mot fisken og foredla den vidare.

Namnejakt

Fotografen førte protokollar over arbeidet sitt, mellom anna med namn på kjøpar av bileta. Dette har gjort det mogleg å tidfeste bileta, samt identifisere og registrere namn på personar som har vore hjå fotografen.

– Det har likevel vore eit stort arbeid med å få tak i sikre opplysningar om personane på bileta, men ved hjelp av bygdebøker, kyrkjebøker, offentlege register og mange gode hjelparar i Herøy, har vi som regel klart å finne fram til dei rette namna på portretta og familiebileta. Verre er det med gruppebileter frå til dømes foreiningar, konfirmasjonskull, arbeidslag eller gjengar av vener som har vore innom atelieret. Her er det ofte større tvil om identiteten.    

Boka inneheld eit biografisk kapittel om fotografen, seks tematiske kapittel og eit om samlinga og innhaldet i den.

Del på