Redaktør bak spesialutgåve om Shakespeare

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Førsteamanuensis Svenn-Arve Myklebost har som redaktør gitt ut ei ny utgåve av tidsskriftet for EMCO (Early Modern Culture Online). Det nye nummeret dekker eit breitt spekter av tema, frå digital didaktikk til bruk av drama som/i undervisning.

EMCO er eit er eit Open Access-tidsskrift, gratis og tilgjengeleg for alle, på nivå éin i tellekantsystemet for forskingspublikasjonar. Svenn-Arve Myklebost ved Engelskseksjonen på Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er ansvarleg redaktør for tidsskriftet.

Les tidsskriftet her

Den nye utgåva, som har blitt til i samarbeid med gjesteredaktør Delilah Bermudez Brataas frå NTNU, handlar om Shakespeare og/i klasserommet, og tek for seg eit breitt spekter av tema, frå Hamlet som dataspel til læring gjennom teater og musikk. EMCO nummer 7 ser på både korleis og kvifor Shakespeare blir undervist i klasserom på ulike årstrinn, på forskjellige typar undervisningsinstitusjonar, i land som Japan, USA, Sverige og Noreg.

Sjå alle våre studium i språk og litteratur

Som Brataas peikar på i sin introduksjon er det no slik at Shakespeare i skulesektoren utgjer mesteparten av marknaden for utgåver av og artiklar om desse skodespela. Bøker av og om Shakespeare produsert for vaksne lesarar og litteraturforskarar er altså i mindretal. Shakespeare blir studert over heile kloden av mange millionar skulebarn, noko ein bør ta alvor, også i Noreg. 

Brataas sitt intervju med barneskulelærar Ellen Marie Kvaale viser at det faktisk går an å undervise Shakespeare her til lands, med veldig gode resultat. På NTNU har Marthe-Sofie Pande Rolfsen og Anne-Lise Heide gjort forsøk med bruk av musikk i grunnskulelærarskuleutdanninga om Shakespeare, og i Lund i Sverige blir litteraturstudentar skodespelarar i Kiki Lindell sitt veldig populære Shakespeare-emne.

Andre artiklar tek for seg korleis Shakespeare kan brukast til å undervise i etikk på sommarleir i Amerika, kva slags moglegheiter og utfordringar som kjem med å «omsette» Hamlet til dataspel, og korleis ein kan undervise Shakespeare til elevar som tykkjer engelsk er vanskeleg. 
 

Del på