I publiseringstoppen i Noreg
Høgskulen i Volda hadde rekordhøg produksjon av vitskaplige publiseringspoeng i 2011. Dette set høgskulen på ein tredjeplass nasjonalt, når det gjeld publiseringspoeng per fagleg tilsett.
Database for statistikk om høgre utdanning fører statistikk over undervisningsinstitusjonane i Noreg. På listene over vitskapleg poengproduksjon hjå statlege høgskular ligg Høgskulen i Volda på sjetteplass, når det gjeld den totale poengsummen. Høgskulen i Oslo ligg på topp, etterfølgt av Høgskulane i Vestfold, Sør-Trøndelag, Lillehammer og Bergen. Denne rangeringa tek derimot ikkje høgde for talet på tilsette.
Klatrar på statistikken
I 2010 låg Høgskulen i Volda på ein sjuandeplass på landsbasis, med 0,4 poeng per fagtilsett. I år ligg høgskulen på tredjeplass med 0,6 poeng, tett bak Høgskulen i Lillehammer med 0,7. På topp ligg Samisk høgskule, med 0,9 poeng per fagtilsett.
Aktive Volda-forskarar
Rektor Per Halse er nøgd med resultatet.
– Det er veldig bra at vi hevdar oss så godt nasjonalt. Dette viser at vi har mange aktive, flinke fagfolk i staben. Men, seier han vidare, det er framleis slik at det er relativt få som står for mykje av poengproduksjonen.
Ønskjer fleire forskarar
I 2011 var det 47 av dei fagtilsette ved Høgskulen som publiserte vitskaplege artiklar og bøker. Rektor vonar at høgskulen sin nye strategiplan for forsking og utvikling vil kunne leggje til rette for, og stimulere til, at Høgskulen i Volda får fleire aktive forskarar.
– Det trengs om vi skal kunne halde på den posisjonen vi no har.
Om vitskapleg publisering
Det er tre typar vitskapleg publisering som gir poengutteljing: Artiklar i tidsskrift, artiklar i antologiar og monografiar. Tidsskrift og forlag må vere godkjende som vitskaplege utgjevarar, og dei er rangert etter nivå, noko som også gir utslag i poengutteljinga.
Publiseringspoeng utløyser pengar til høgskulen direkte over statsbudsjettet. Systemet er etablert for å kartlegge og stimulere til auka vitskapleg publisering både nasjonalt og internasjonalt.





