Nye bøker om lærarutdanninga i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Førsteamanuensis emeritus Kjell-Arild Madssen, tilsett ved lærarutdanninga i Volda i over 40 år, har skrive bøkene «Levde lærerliv: Volda-læreren i brevbøker 1930-1995» og «Erling Kristvik – en nasjonal strateg?».

Boka «Levde lærerliv: Volda-læreren i brevbøker 1930-1995» handlar om studentar ved Volda lærarskule i åra 1930-1949. Kjeldematerialet er «brevbøker» som klassekameratane sende til kvarandre etter utdanninga og inn yrkeslivet. I opptil 50 år delte dei stort og smått om livet som lærar - og mykje anna.

Levde lærarliv2Brevbøkene er ein spennande innfallsport til livs- og skulehistorie, profesjonsutvikling og læraridentitet, og kastar eit mentalitetshistorisk lys over den lærartypen som er blitt kalla «Volda-læraren». Rektor ved lærarskulen var i desse åra Erling Kristvik, og mange av brevskrivarane kallar seg med stoltheit «kristvikianarar». Brevbøkene kan lesast som denne lærargenerasjonens sjølvportrett.

I boka «Erling Kristvik – en nasjonal strateg?» vert sentrale sider ved Erling Kristvik (1882–1969) sitt forfattarskap drøfta. Kristvik var ein av Noreg sine mest sentrale «skulemenn» på 1900-tallet. Han var særleg kjend som rektor ved Volda lærarskule frå 1930, ei stilling han hadde fram til 1941 då NS-myndigheitene stengde skulen.

EK

Som lærebokforfattar kom han til å prege ein heil generasjon av lærarar og lærebøkene hans var lenge det dominerande pensumet ved nesten alle landets lærarskular. Han var ein ivrig debattant, talar og foredragshaldar, og skreiv ei lang rekke pedagogiske og sosiologiske artiklar. Ein sentral tekst er "Folkelære. Pedagogisk sosiologi", ei tekst som lenge har vore rekna som tapt.

Bøkene tilgjengeleg for alle gjennom open tilgang (Open Access), og er gjevne ut i skriftserien Kyrkjefag Profil der dosent emeritus Jan Ove Ulstein er redaktør.

Del på