Ny møteplass for forskings- og utdanningsmiljøa
For å samle forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har høgskulane og Møreforsking teke initiativ til å arrangere Fjordkonferansen. Konferansen vil bli halden 20. - 21. juni 2013 på Alexandra hotell i Loen.
Fjordkonferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd i regionen som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. Til Fjordkonferansen skal aktuelle FoU-arbeid presenterast og drøftast. Vi tek sikte på å utarbeide årlege antologiar der paper kan publiserast. Erfarne forskarar internt og eksternt skal gi rettleiing undervegs i arbeidet med paperet. Fjordkonferansen vil ha nytteverdi både for den einskilde deltakar og for dei respektive FoU-institusjonane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Les meir om Fjordkonferansen.





