NTNU-studentar spelar Bech

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Foto: Alice Lindtner

- Oppdatert

Frå 4.-7.juni setter studentane ved bachelor i drama og teater ved NTNU opp fire skodespel skrivne av norske kvinnelige dramatikarar. Eit av desse er «Rom rives», skriven av Vibeke Preus Bech, førstelektor i teater ved HVO.

- Då eg skreiv Rom rives var det ut frå eit ønskje om å få fleire skodespel som passa for studentgrupper som skulle vurderast i skodespelarteknikk, seier ho.

Resultatet vart eit skodespel for 16-18 skodespelarar, i alderen 17-25. Rollene er om lag like store, og det er eit stort fleirtal av kvinnelege roller, slik realiteten ofte er i dramaklassar. I tillegg er scenografien enkel (og ikkje kostbar) og dramaturgien er bygd opp slik at alle skodespelarane skal få om lag like mykje scenetid. Tematikken vart utvikla i samarbeid med studentar ved studiet i teater i Volda.

- Eg var heldig som hadde ein leiing som såg nytta av eit slikt arbeid og let meg nytte FoU-timane mine til kunstnarleg utviklingsarbeid. Med rettleiing frå Jesper Halle, vant skodespelet Norsk teaterråd si manuskonkurranse i 2012, og har dei siste 4 åra vært satt opp ved ulike vidaregåande skuler, kulturskuler, amatørteater og høgskular.

- Dette viser verkeleg behovet for slike skodespel i praksisfeltet, seier ho, og fortel at ho har søkt vikarstipend for å skrive eit nytt. Det nye skodespelet skal skrivast etter ein metode Vibeke har utvikla sjølv, kollaborativ manusutvikling. Metoden har ho utvikla over fleire år med manusutvikling, og drar målgruppa inn i fleire fasar av manusutviklinga.

Rom rives

Tags

Del på