Høgskulelektor Heidi Brunstad med bokslepp på Selja Forlag
Torsdag 10. juni arrangerer Selja Forlag smakfullt bokslepp i Jølster. To av forfattarane har tilknyting til Høgskulen i Volda. Heidi Brunstad-Øyehaug har vore med på å skrive "Ta kaka" som no kjem ut i nytt revidert opplag. Per Momrak, ein tidlegare student ved "Matkultur og konservering", har skrive boka "Mat i det fri" saman med Øystein Vegge.
I ”Ta kaka” tek Heidi Brunstad lesaren med på ei reise i tid og rom. Forfattarane ser på utviklinga frå dei første enkle bakverka i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst.
Heidi Brunstad sine kaker.
- Mat er ofte eit bindeledd mellom notid og fortid. Rikhaldige kakebord er fast innslag ved feiringar og høgtider på Vestlandet. Det som vert feira avspeglar seg i korleis kaka ser ut, seier Brunstad.
Mat i det fri
Per Momrak, som er frå Ål i Hallingdal, er i dag tilsett ved Nordfjord folkehøgskule der han underviser i friluftsliv. Momrak seier at han fekk inspirasjon og kunnskap til å skrive denne boka då han gjekk på matkulturstudiet i Volda.

Per Momrak som student ved Høgskulen i Volda.
- Utan dette studiet hadde ikkje boka vorte til, seier han.
Boka omhandlar enkle teknikkar for matlaging på bål, i kokegrop, i jordomn, på steinhelle og i sjusteinsomn. Egil Hurum i Den Norske Turistforening har uttalt at ”dette er den kuleste matboka jeg har bladd i”.

Forlag og forfattarar fortel om bøkene. Det vert servering av kaker frå boka Ta kaka og spennande smaksprøver frå ”Mat i det fri”.
Tid: Torsdag 10. juni 2010 kl. 13.00
Stad: Fjordamattunet, Støfringsdal, Jølster





