FoU-prisen 2021: – Prisvinnaren har verkeleg sett spor etter seg
Han har kompetanse som blir etterspurt både nasjonalt og internasjonalt og er ein ettertrakta foredragshaldar innanfor fagfeltet planlegging. FoU-prisen var kanskje ikkje noko professor Roar Amdam hadde planlagt for, men så absolutt fortente.
Han har kompetanse som blir etterspurt både nasjonalt og internasjonalt og er ein ettertrakta foredragshaldar innanfor fagfeltet planlegging. FoU-prisen var kanskje ikkje noko professor Roar Amdam hadde planlagt for, men så absolutt fortente.
Ja, at det var fortent var det tydeleg at både dei som hadde foreslått han som kandidat til FoU-prisen, rektor Johann Roppen og fleire som var møtt fram under tildelinga i biblioteket ved Høgskulen i Volda (HVO), syntest. For etter om lag 35 år som tilsett ved HVO vert Roar Amdam sett på som ein heidersmann ved institusjonen, og han har oppnådd mykje.
Før han fekk det synlege beviset på at han er vinnaren av FoU-prisen ved Høgskulen i Volda i 2021, starta rektor Roppen med å fortelje om ei reise som starta ved det som då var Distriktshøgskulen i Volda i 1983. Etter å ha arbeidd for Møreforsking Volda i perioden 1986-1993, har Amdam sidan vore tilsett ved HVO.
Stor legitimitet
Amdam vart cand.agric. ved institusjonen som i dag heiter Norges miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU, tilbake i 1977. Han starta si yrkesaktive karriere som planleggar i Sande kommune. Han forska vidare på og med primærkommunar og fylkeskommunar i år etter år etterpå, og drog fordelar av å sjølv ha jobba i yrkesfeltet.
– Med ein slik bakgrunn er det ikkje rart at prisvinnaren og fagmiljøet han er ein del av har stor legitimitet hos mange som arbeider i kommunar og lokal forvaltning - ikkje minst dei som har teke slik utdanning i Volda. I periodar har han nærast konstant vore ute på reise og formidla og diskutert fag med folk i feltet, sa Roppen i sin tale.
Prisvinnaren tok doktorgraden sin i 1998, igjen ved NMBU. Avhandlinga vart levert som to rapportar utgitt i skriftserien til Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda i 1997.
Den forankra planen : drøfting av kriterium for alternativ næringsplanlegging
Og:
Den forsømde regionen : vurdering av næringsplanlegginga i Ålesund-regionen
Amdam fekk tittelen professor i 2002.
Meir enn planlegging
Sentrale omgrep i forskinga til Amdam er instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, kollaborativ planlegging og innovasjon, samt legitimerande planlegging og leiing. Det gjennomgåande temaet er korleis planlegging blir brukt, og kan brukast som reiskap for å fremme ønska utvikling i organisasjonar og samfunn.
Amdam si forsking har hatt stor betydning for etableringa av masterutdanninga i samfunns-planlegging og leiing for meir enn 20 år sidan, og for profilen denne utdanninga har fått.
Prisvinnaren har ein kompetanse som blir etterspurt både nasjonalt og internasjonalt, og ikkje berre på det området som tradisjonelt blir oppfatta som planlegging, men også innanfor folkehelsearbeid, nærmiljøarbeid og innovasjon.
Initiativrik
Roppen snakka om den inkluderande Amdam i sin tale.
– Han er kjend for å involvere kollegaer, stipendiatar og studentar i prosjekt som held på, og er alltid på pletten når det vert tatt faglege initiativ rundt han, ikkje minst forskingsinitiativ. Det blir fortalt at han finn det fagleg beste i dei han rettleier, skaper lett entusiasme rundt faglege funn; altså ein meister i bygging og vidareutvikling av eige fagmiljø, sa Roppen.
Amdam har vore ein racer til å få forskinga si publisert gjennom artiklar, antologiar og liknande. I forskingsdatabasen Cristin er han notert med over 400 bidrag. I biblioteka sin Bibsys-katalog står han med over 100 bidrag.
– Årets prisvinnar har verkeleg sett spor etter seg både når det gjeld forsking, utvikling og formidling, slår Roppen fast.
Under Forskingsdagane 23.-30. september 2021 kan du mellom anna få med deg Matkultur, Animasjonsfilmkveld og konfliktkafé, Shared reading, Hans Nielsen Hauge-kveld og 12-konsert.